fredag 9. november 2012

Sterk sak om Trisomi 18

Avisa Dagen har hatt nokre viktige artiklar den siste tida, om born som er fødde med kromosomfeilen Trisomi 18. Særleg sterk er artikkelen om vesle Ole og mora Anna Solberg. Helsevesenet meiner at tilstanden hans er ”uforenlig med liv”, og instruksen er at han ikkje skal gjenopplivast om noko skulle skje. Men Ole er altså født, han lever og han har eit handikapp. Mange har sikkert òg høyrt om legen Siri Fuglem Berg som fekk jenta Evy-Kristine med Trisomi 18. Jenta levde berre tre dagar etter fødselen, men mora har sidan halde fram kampen for desse borna.

Noko av det mest provoserande i historia til Solberg er samtalen ho hadde med ein gynekolog under svangerskapet: ”Han forstod ikke dilemmaet ved å fjerne et foster med T18, og kom med følgende spørsmål: Er du klar over at det bare er en salat?” Eg synest det er vanskeleg å skjøna at legar som møter menneske med slike haldningar, har noko å gjera i helsevesenet. Like lite som ein person som kallar innvandrarar for rotter, ville vera på si rette hylle som kommunal innvandringskonsulent. Er det fleire tiår med lovleg gjennomførte drap på foster ved norske sjukehus som gjer at helsepersonell tenkjer og snakkar slik?

Det står stor respekt av Solberg, Fuglum Berg og familiane deira - og andre som har gjort liknande gode val.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar