torsdag 15. november 2012

Med eit språk eller to på si

Miguel Quesada (t.v.) arbeider for at språket til boruka- 
 og guaymi-indianarane skal overleva. Shabo Talay 
vil gje det arameiske språket turoyo ein skriftstandard 
slik at det kan ha sjanse til å overleva i dagens samfunn. 
I bakgrunnen kollega Ivar Aasen (foto: Arve Kjell Uthaug)
Den eine vil gje indianarspråk ei framtid. Den andre arbeider for at arvtakarane etter eitt av dei eldste skriftspråka i verda skal få ein dag i morgon. Enkelt er det ikkje for minoritetsspråka som lever i skuggen av dei to verdsspråka spansk og arabisk. Men språkprofessorane Miguel Quesada og Shabo Talay har ikkje gitt opp.

Begge to er forskarar ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. Quesada kjem frå det mellomamerikanske landet Costa Rica og er professor i språkvitskap innanfor faget spansk språk og latinamerikastudium. Kollegaen Shabo Talay flytta frå Tyrkia til Tyskland som tiåring saman med familien. I 2011 flytta han med kona og døtrene til Bergen og til stillinga som professor i arabisk språk og kultur.
Men begge dei to professorane har sine språk på si. Dette intervjuet har eg gjort til Melandjul 2012, og det er såleis ein liten smakebit på innhaldet i årsskriftet til Meland mållag, som kjem ferdig frå trykkeriet i desse dagar.

Midtausten og Vesten
Talay voks opp i ein arameisktalande, kristen landsby i Tur Abdin søraust i Tyrkia. Dei fleste som talar arameisk i Midtausten, er kristne, og slik er dei ein minoritet i dobbel forstand der dei bur mellom muslimar som talar arabisk, tyrkisk, kurdisk og persisk. Språket er knytt saman med kyrkjesamfunn som har røter tilbake til hundreåra før arabiske stammer la under seg Midtausten og gjorde islam til dominerande religion.
Arameisk er eitt av dei eldste skriftspråka i verda, og det finst skriftlege kjelder som er over 3000 år gamle. Ein gong var språket daglegspråk og i vid bruk over store delar av Midtausten. Slik var det mellom anna i Jødeland. Jesus og læresveinane snakka arameisk, og då Jesus på krossen ropa ut «Elí, Elí, lemá sabaktáni» – Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg? – så gjorde han det i følgje evangelistane på arameisk.
I dag blir det tala fleire ulike arameiske språk i Tyrkia, Syria, Iran, Irak, Libanon og Israel. I tillegg vert det brukt av menneske som har flytta eller flykta frå Midtausten til Vesten. Ei av dei største gruppene  finst faktisk i Sverige, der det òg er fem riksdagspolitikarar frå denne innvandrargruppa – og to armenske fotballklubbar som er eller har vore i eliteserien Allsvenskan. I Noreg er det derimot svært få av dei.

Språk i diaspora
Reknar ein saman alle dei moderne arameiske språka, kan det vera oppimot ein halv million til saman som brukar dei. Talay har sjølv det arameiske språket turoyo som morsmål.  Det gamle kjerneområde til dette språket er i Syria og Tyrkia. Talay reknar med at kanskje 200.000 menneske brukar dette språket.
- Arameisk turoyo er eit talt språk, men det er framleis ikkje standardisert. Meir enn 150.000 av dei som brukar språket, bur i Europa. Det er òg grunnen til at dette språket vil døy ut om vi ikkje standardiserer det no. Språket er svært utryddingstruga, slår Talay fast.  – Det finst ikkje opplæring i Turoyo. Det einaste landet som støttar opplæring i språket, er Sverige, fortel han.
Talay ser tydeleg dei store problema som møter eit språk i utlægd, der det meste skjer på fleirtalsspråket. Ikkje minst er det eit problem at turoyo ikkje ein gong har ein fast skriftstandard. Sannsynlegvis må ein slik standard utviklast både med latinsk alfabet og med det gamle arameiske alfabetet. Og på skulen og på internett er det fleirtalsspråket som rår, og det arameiske språket heng ikkje med i utviklinga av det moderne samfunnet.
- Eg trur turoyo vil døy ut over to eller tre generasjonar, seier Talay pessimistisk. Han har likevel ikkje gitt opp og arbeider m.a. med ein søknad om økonomisk støtte frå EU til internettbasert opplæring i språket.

Dei tre siste?

Miguel Quesada er professor i spansk språk og latinamerikastudium. Sjølv om verdsspråket spansk – saman med portugisisk – dominerer det amerikanske kontinentet sør for USA, finst det framleis  indianargrupper som har halde liv i sine eigne språk. To av dei er guaymi i Panama og boruca i Costa Rica. Begge språka har ei kort historie som skriftspråk og er lite utvikla som nedskrivne mål.
- Boruca er eit språk nesten ingen snakkar. Men interessa mellom ei gruppe av borucafolket for å gjenoppliva språket er så stor at dei får støtte frå den costaricanske regjeringa. Alle ressursane er der for å vekkja opp att språket. Samstundes er det vanskeleg å få dette gjennom fordi viljen til å reisa språket ikkje er allmenn hjå dei som har mist det, slår Quesada fast.
Han har sjølv vore med på å skriva lærebøker for dei som vil læra boruca, og saman med førsteamanuensis Signe Marie Sanne har han utvikla it-program for å gje opplæring i språket. Både UNESCO og den costaricanske staten har gitt økonomisk støtte til målreisinga. Men enkelt er det likevel ikkje å få eit lite indianarspråk på beina igjen, sjølv om velviljen er til stades på alle plan. Ikkje når boruca-folket til saman utgjer kring 3000 personar, og det no er berre to gamle damer og ein mann som kan språket skikkeleg.

«Eit stort dollarteikn»
Då er det langt fleire, omkring 200.000, som talar indianarspråket guaymi i grannelandet Panama.
- Guaymi-indianarane er halvvegs sjølvstendige innanfor den panamanske staten, men dei får ikkje noka støtte frå regjeringa til kultur. Dei er likevel svært stolte av språket og ønskjer å halda fram med å snakka det, fortel Quesada.  
- Medan boruca først vart skrive ned på slutten av 1800-talet, har ikkje guaymi nokon skrifttradisjon i det heile. Der er det slik at alle familiane vil skriva språket slik dei sjølve uttalar det. Dei har diskutert i mange år, men dei har ikkje gjort noko. Folk vil snakka språket, men kan ikkje bruka det utanfor området sitt, fortel han.
Ikkje alltid er det enkelt å koma utanfrå og vera den som skal hjelpa med å ta vare på språket. Ein akademikar utanfrå blir ofte møtt med forventningar om å vera ein som kjem med pengestøtte til ulike behov, men Quesada har ingen pengesekk med seg.
- Guaymi-folket ser meg som eit stort dollarteikn, seier Quesada humoristisk.

Tyngda av tradisjonen
Flesteparten av dei som talar det arameiske språket turoyo, høyrer til den syrisk-ortodokse kyrkja der det liturgiske språket i gudstenestene er klassisk syrisk. Det liturgiske språket har høg prestisje hjå mange, men det lever ikkje lenger i daglegtale. På folkemunne lever derimot moderne variantar som turoyo, men nokon oppfattar desse talespråka berre som «feil» syrisk. Nokon vil heller satsa på opplæring i syrisk.
- Det ville vera nesten det same som å undervisa i latin, men ikkje i spansk, skyt Quesada inn.
- Ja, det er ville vera akkurat det same, slår Talay fast.

Mangfald
Talay og Quesada er to språkmektige menn med mange tungemål innabords. Sjølv om dei færraste har så breie og djuptpløyande språkkunnskapar som dei to lingvistikk-professorane, viser likevel arbeidet deira med minoritetsspråk at den språklege situasjonen rundtom i verda er meir innfløkt enn mange tenkjer over. Svært mange menneske brukar dagleg to eller tre språk heime der dei bur. Hundrevis av små og mellomstore språk kjempar ein usikker kamp for ei framtid som levande tale- og skriftspråk.
Miguel Quesada gjer forresten ein ekstrainnsats på den norske språkarenaen også. Som ny i Noreg, hamna han i same rekkjehus som ein familie frå Aurland. Dermed går det ein costaricansk språkprofessor rundt i Bergen og snakkar nynorsk med preg av sognemål. Og brev og e-postar skriv han sjølvsagt på nynorsk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar