tirsdag 30. oktober 2012

Kule ord (1): dust

Donald Duck oppfører seg ofte som ein dust, sjølv om
han i grunn er eit sympatisk vesen. Men Ole, Dole og
Doffen tenkjer seg nok om to gonger før dei brukar
d-ordet til den lett oppfarande foreldreerstatninga (Frå
historia Donald Duck – du gylne, glitrende tre, ©DISNEY).
Nesten alle ord er kule, og derfor er råstoff-tilgangen den aller beste for denne nye serien. Først ute er ordet «dust». I daglegtale blir det brukt synonymt med «tosk» eller «fjomp». Ordet er negativt, men det passar likevel ikkje som karakteristikk av vondskapens tungvektarar. På engelsk blir «dust» brukt om «støv». Eigentleg finst denne tydinga av ordet i norsk òg. I den nynorske bibelomsetjinga frå 1938 er ordet flittig brukt i meininga «støv». Såleis heiter det i 1. Samuelsbok 2,8 at Gud «reiser den ringe or dusti, lyfter den fatige or skarnet, sessar han saman med fyrstar og gjev han eit ærefullt sæte». Heldigvis er det «støv» som er meint òg når det i Salme 103,14 heiter at Gud «kjem i hug at me er dust». I dei nyaste omsetjingane er derimot dusti feid bort, berre støv er att. Derfor er det interessant å sjå at reklamefolka, sikkert utan å vita det, held liv i dette gode norske ordet når dei påverka av engelsk prøver å få nordmenn til å kjøpa støvsugarposar gjennom dustClub.

Elles er «dust» eit høveleg ord for born og tenåringar som har noko usnakka, eller uskrike, med foreldra sine. Dei strengaste foreldre vil kanskje bli harme når dei får tildelt ein slik karakteristikk. I så fall er det grunn til å vera varsam. På den andre sida vil kanskje ikkje dei aller mest tolerante foreldra bry seg særleg med ein slik karakteristikk, og det er sjølvsagt eit minst like stort problem. Men i møte med den breie hovudstraumen av foreldre vil nok ordet fungera godt. «Dust» er derfor eit godt og tenleg ord for born og tenåringar i dei fleste familiar. Men bruk det helst ikkje til andre vaksne, og sjølv ikkje når det gjeld eigne foreldre, bør ordet vera fast tiltaleform.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar