onsdag 17. oktober 2012

Alvorlege skuldingar mot BBC


Lord Patten som rektor ved universitetet i Oxford.
Patten har vore formann i det britiske konservative
partiet, og han var den siste guvernøren i Hong Kong
(Foto: Pruneau, Wikimedia Commons)
«Det britiske kringkastningsselskapet BBC blir beskyldt for å ha en upartisk dekning av religion i sine radio- og tv-sendinger. Nå blir selskapet gransket.»

Slik lyder den urovekkande ingressen i avisa Dagens artikkel om at styret for det britiske tv-selskapet BBC sjølv har teke initiativet til ei uavhengig gransking. Eg hugsar at same avis ein gong for mange år sidan intervjua ein person som jobba innanfor kringkasting, og som ifølgje artikkelen hadde til oppgåve å luka vekk «alle utvetydigheter» i programma. Det kan sjå ut som om denne personen må ha hjelpt til i redigeringa av artikkelen i Dagen om BBC-granskinga.

Men det stoppar ikkje her. Dagen har i same artikkelen med eit sitat frå ein «Herre Patten leder for tros-avdelingen i BBC». Dette er ei interessant vinkling, særleg for ei avis som følgjer årvakent med på alt som rører seg innanfor kyrkje og kristenliv. Men Lord Patten er betre kjent som leiar av the BBC Trust, det vil seia styret for BBC.

The Guardian i Storbritannia har ei langt kjedelegare vinkling på same saka, dessverre. Ifølgje denne avisa opplyser Lord Patten at gjennomgangen av BBC-dekninga «was prompted by complaints that the corporation's coverage of world and religious events is not always impartial.»



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar