søndag 12. august 2012

Godt nytt ord

Gode nye ord er alltid stas. Denne gongen er det Galleri Rustica på Holmeknappen, Holsnøy, som får æra for å ha bragt ein slik liten skatt fram i lyset.

"MELANO Jazzband, 10 års jubileumskonsert/"gjengjenging" (reunion) med orginalmannskapet, fredag 24. aug kl. 19.00"

Slik skriv Leif Johnsen i ein e-post om augustprogrammet i dette spennande og særprega galleriet, som eigentleg er ei oppgradert utgåve av ei gammal løe.

"Gjengjenging" er eit artig alternativ til "gjenforening" og "reunion". Kanskje finst det fleire gode ord for same sak? 

1 kommentar:

  1. At ordet «reunion» har kome inn i daglegtalen er berre trist. Det gjeld og ord som «date» der vi har fullgode norske ord. Kva er gale med «gjennforening» (er det eit godt nynorsk ord?) eller «stemnemøte»?

    «Gjengjenging», derimot. Det er eit bra ord!

    SvarSlett