fredag 7. september 2012

Støre og religiøse minoritetar


Utanriksminister Jonas Gahr Støre (foto: Policy
Networs, henta frå Wikimedia Commons)
Her på bloggen har det fleire gonger vore skrive om den vanskelege situasjonen for dei kristne samfunna i Midtausten, om utanriksministerens initiativ i denne saka og om oppfølginga. No har utanriksminister Jonas Gahr Støre gitt eit avisintervju der han lanserer konkrete tiltak for å støtta religiøse minoritetar: norske ambassadar rapporterer heim om stoda for religiøse minoritetar (gjeld ikkje berre kristne, og heller ikkje utelukkande Midtausten), Noreg vil ta opp minoritetane si stilling i internasjonale fora, embetsfolka skal få eit eige rettleiingshefte om religionsfridom, og Støre vurderer å invitera til ein internasjonal konferanse til våren.
Først og fremst er det positivt at utanriksministeren løftar fram situasjonen for religiøse minoritetar. Sant å seia er det litt overraskande at det nettopp er ein statsråd frå Arbeidarpartiet som set søkjelyset på dette feltet. Partiet har ikkje alltid vore det beste til å forstå seg på religionsfridom her på heimebane, og har til tider hatt vanskeleg for å skjøna når staten bør halda fingrane av fatet.
Når Utanriksdepartementet vil arbeida for religionsfridom t.d. i Midtausten, går dei ein vanskeleg balansegang. Kristne i desse landa kan lett bli sett på som ein slags femtekolonistar, eller vestlege klientar, som eigentleg ikkje høyrer heime der. Dette er sjølvsagt absurd, ikkje minst sett i lys av at dei fleste kyrkjesamfunna i Midtausten har røtene sine tilbake i tida før det fanst muslimar. Vestlege diplomatar, politikarar og kristenleiarar må likevel ta omsyn til desse mekanismane om dei ikkje skal gjera situasjonen for dei kristne minoritetane verre. Engasjement må kombinerast med klokskap. Heldigvis ser det ut til at Støre er fullt klar over dette. I intervjuet peikar han på at det i nokre tilfelle gjeld å laga støy for å skapa merksemd om ei sak, medan ein i andre tilfelle må vera varsam med å gjera grupper meir sårbare gjennom å framheva dei som minoritetar.
Like heldig er ikkje forskar Iver Neumann ved NUPI. Ifølgje Vårt Land 4. september seier han:
La oss håpe at arbeidet ikke blir rettet inn mot religiøse minoriteter som sitter ved makten. Eksempler på hvor galt det kan gå vil være de kristne i Sør-Vietnam i 60-årene og alawittene i Syria. De trenger ikke vår støtte.
Det er ein temmeleg klønete kommentar. Ingen nektar for at alawittane med president Bashar al-Assad har ein dominerande posisjon i dagens Syria. Men dermed er det ikkje sagt at alawittar ikkje treng støtte frå utanverda. Dei færraste alawittar er presidentar, generalar eller medlemar av valdelege militsar. Dei er vanlege folk som også er sårbare for hemn og terror i eit samfunn prega av borgarkrig. Ikkje minst vil denne gruppa vera svært utsett dersom maktbalansen bikkar tydeleg i retning av sunnimajoriteten, og syriske alawittar blir eit mål for hemn. Så om Assad-regimet ikkje treng vår støtte, kan det vera mange alawittar som får behov for det.
Forresten kunne det vore interessant å lese rapporten den norske utanrikstenesta har skrive om situasjonen for minoritetar i Saudi-Arabia. Sikkert ikkje berre ting som eignar seg for høgtlesing festlege diplomatiske middagar mellom dei to oljelanda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar