søndag 1. juli 2012

Sommarlektyre frå Mississippi, via Athos til Machynlleth

Elevane har fått skulefri, folk står på bussen fordi sommarrutene er innførte litt for tidleg, Dagbladet har førstesideoppslag om flått for n-te gong (kampen mot flåtten er nok vår tids store kulturradikale prosjekt). Med andre ord er sommaren her, men han er heilt i startfasen. Det er no det gjeld å finna ut kva ein skal lesa dei neste vekene, anten det blir heime i godstolen eller på ferietur. Her er tre tips til sommarlektyre for den som vil ha med seg noko leseverdig.
Ein moderne Huck Finn og ditto Tom Sawyer?
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Huck Finn og eventyra hans heiter ei norsk omsetjing av Mark Twains klassikar. Boka handlar om den – meir eller mindre - foreldrelause guten Huck og opplevingane hans saman med den rømde negerslaven Jim. Forteljinga er lagt til USA på 1800-talet, før borgarkrigen, og Jim kan bli fri gjennom å røma frå ein slavestat til ein stat som ikkje tillet slaveri. Dei to reiser saman på ein flåte på Mississippi.  
Hovudpersonen Huck opplever mykje. Skarpe nabofeider, skamlause svindlarar, ein far han fryktar, og meir alminnelege vaksne med sine reglar og oppfatningar. Det er mykje moral i denne forteljinga, men lite moralisme. Samspelet og spenninga mellom samvitet til Huck og samfunnet omkring han er ei interessant side ved boka. Og så kjem Tom Sawyer med sine usannsynlege påfunn med for fullt i siste delen av boka. Her er det duka for mykje humor.
Boka kom ut i 1962, og var omsett av Johs. Farestveit. Språket i den nye utgåva frå 2012 er noko revidert. For born og unge som skal øva opp ei god nynorsk språkkjensle er denne boka eit funn. Språket i boka er på eit nivå langt over det gjennomsnittlege – stødig, smidig, gjennomført og vakkert.
Det hjelper sjølvsagt ikkje stort om historia er kjedeleg. Men Huck finn og eventyra hans er ikkje kjedeleg. Historia har driv, og boka kan lesast med utbyte av både born og vaksne. Ho har potensiale til å få tolvåringen til å sniklesa på senga godt etter tidsfristane frå foreldre og føresette. Eit godt teikn.
From the Holy Mountain: A Journey In The Shadow of Byzantium (1997) er ei heilt annleis bok, men òg her handlar det om ei reise. Skotten William Dalrymple følgjer i fotefara etter ein munk som levde på 500-talet og litt inn på 600-talet. Ferda tek til på munke-halvøya Athos i Hellas og går gjennom både Tyrkia, Syria, Libanon, Israel og Egypt, og resultatet er ei reiseskildring av høg klasse. Denne boka er det lett å bli glad i.
Mor Gabriel i Tyrkia, som vart
grunnlagt i år 397, er eitt av dei klostera
William Dalrymple vitja (foto: Nevit Dilmen,
Wikimedia Commons)
Ho er ei reise gjennom restane av det gamle kristne Midtausten. Sjølv om talet på kristne i dette området har minka dramatisk, er dei der framleis – koptarar, syrisk-ortodokse, maronittar, gresk-ortodokse og mange andre med røter tilbake til dei første kristne hundreåra og tida før islam voks fram som dominerande makt i området. Det er mange munkar og kloster i denne boka, og det seier mykje om kva rolle desse institusjonane har hatt i å føra kristendomen vidare gjennom generasjonane i desse områda der kristendomen aller først slo rot. Dalrymple har ein god journalists evne til å formidla møta med menneska på ein levande måte. Samstundes har han ein engasjert historikars evne til å formidla kunnskap om samfunnet omkring og linjene bakover i tid på ein interessant måte.
For folk som er interesserte i Midtausten og historie, og samstundes set pris på ei god bok, er det bortimot irrasjonelt å hoppa over denne boka. Ho finst òg på norsk og har tittelen I skyggen av Bysants.
Det kan ikkje vera enkelt å skriva reiseskildringar i skuggen av William Dalrymple og forfattarar av hans format. Mange gjer det likevel, sjølvsagt. From Shore to Shore: a personal pilgrimage through Wales (2000) heiter ei lita og langt mindre pretensiøs bok. Forfattaren kan ikkje måla seg med Dalrympel som historikar eller formidlar, men Mike Perrin har skrive om si reise, og resultatet er ei leseverdig og lærerik lita bok. Forfattaren tek til heilt nord i Wales, i byen Llanfairfechan, vandrar sørover gjennom fjellområde, innom småbyar og forbi gardar til han når Swansea på den walisiske sørkysten. Perrin er ein røynd fjellvandrar og veit kva han bør ha med i tursekken. Ferda går med telt og ryggsekk, og han er ingen kravstor turist.
It had rained intermittently during the night, and patches of mist now hung in the valley to add to the greyness of an already overcast dawn. My own “special” breakfast recipe of porridge oats, raisins, sliced banana and honey, washed down with two mugs of tea, helped to lift my spirit considerably, however, and by eight-thirty I had packed my rucksack and was on my way. (s. 27)
Slik skildrar han oppbrotet etter ei av dei første overnattingane på turen. Det er til tider noko einsamt og vemodig over denne mannens vandring til fots sørover i Wales - dette vesle landet attmed den langt større naboen England. Wales har fostra politikarane David Lloyd George og Neil Kinnock, songaren Tom Jones, skodespelaren Catherine Zeta-Jones. Boka og filmen How Green was my Valley handlar om Wales. Grøne åsar, saueflokkar og – i britisk målestokk – høge fjell gjev landskapet særpreg, saman med industrisamfunn som voks fram på 1800-talet, men som no ikkje er det dei ein gong var.

Machynlleth i Wales (Foto: Chris
Denny, Wikimedia Commons)

Kristendomen kom tidleg til Wales.I nyare tid er Wales kjent for dei store kristne vekkingane, som sette sitt preg på landet frå 1700-talet og fram til tidleg på 1900-talet. Det var òg the land of Non-Conformists, dei religiøse dissentarane sitt land, og chapels som høyrer til ulike frikyrkjesamfunn, ligg strødde utover landet.
No er mange av desse gudshusa tomme. Det som ein gong var Land of Revivals er blitt til Land of Empty Chapels. Tilbakegangen i oppslutninga om kyrkjene har vore drastisk, og slik sett er det ein parallell til dei eldgamle kyrkjene i Midtausten, sjølv om årsakene kan vera ulike. Den pensjonerte baptistpastoren Perrin er ein av dei som ber arven frå dei walisiske frikyrkjene vidare. Det gjer at han kan knyta landskapet han vandrar gjennom, saman med den religiøse historia til Wales på ein spennande og opplysande måte. På stadene der han fer, ser forfattaren spora etter ein salmediktar, ei stor vekking, ei berrført jente som vandra milevis for å få tak i ein walisisk bibel, eller predikanten som midt på 1700-talet vart møtt med steinar, stokar og pistolskot då han stilte seg opp for å tala langs vegen i marknadsbyen Machynlleth. Boka har mange slike spennande gløtt inn i den kristne historia til Wales.
Alle desse tre bøkene gjer seg fortente til ein plass i reisekofferten. Romanen Huck Finn er ein klassikar som framleis fenger. Reiseskildringa From the Holy Mountain er ei bok av høg kvalitet, som gjev eit forvitneleg innblikk i kristne kyrkjer som har klort seg fast i Midtausten under til dels store vanskar heilt sidan dei første hundreåra etter Jesu død og oppstode. Ferdaminna til Mike Perrin kan for så vidt ikkje måla seg med Dalrymples bok, men From Shore to Shore gjev gode glimt frå eit flott landskap og ei rik historie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar