tirsdag 10. juli 2012

Hagens surpomp


Foto: Arve Kjell Uthaug
Han står ofte borti ein krok litt for seg sjølv og er alltid sur. Men det er ingen grunn til å la seg skremma bort eller styra unna av den grunn. Rabarbraen er ein enkel landsens fyr. Han stiller ikkje store krav til stell, dukkar trufast opp igjen frå jorda på same staden vår etter vår, og den syrlege smaken gjev sæpreg til saft, suppe, syltetøy, paiar og annan mat.
Mange stader i Norge vil ein finna gamle rabarbraar rundt om på gardane. Vi kjenner til at planten vart dyrka her til lands på 1700-talet, men då til medisinsk bruk. Utover på 1800-talet vart rabarbra teken i bruk og utbreidd som matplante i Norge.  Så dette er ingen nykomling hjå oss, slik det òg går fram av ein interessant liten artikkel frå Agder Naturmuseum. Planten vart i si tid ført til Europa frå Asia og vart sett på som svært verdfull.
Men i dag står han der altså, sur og robust i hjørnet sitt av hagen. Heldigvis er han av dei vokstrane som ikkje er vidare utsette for dei griske brunsniglane som invaderer mange hagar. Det burde i seg sjølv vera ein god grunn til at fleire skaffa seg rabarbra. Men endå betre grunn er den eigenarta syrlege smaken. Den kan ein sjølvsagt nyta på aller enklaste vis, slik ungar har gjort før og slik dei framleis gjer: ein rabarbrastilk til å duppa i ein kopp eller eit eggeglas med sukker. Det er ganske artig å sjå kva som står i den engelske utgåva av wikipedia om denne bruken:
In former days, a common and affordable sweet for children in parts of the United Kingdom and Sweden was a tender stick of rhubarb, dipped in sugar. It is still eaten this way in western Finland and Norway, Iceland and some other parts of the world, including rural eastern Ontario. In Chile, Chilean rhubarb is sold on the street with salt or dried chile pepper, not sugar.

Ein litt meir avansert operasjon, men likevel ikkje særleg vanskeleg, er det å laga rabarbrasaft. Safta er god og bør nytast kald. Denne varianten byggjer på ei oppskrift som stod i vekebladet Familien for nokre år sidan:
Ta inn rabarbrastilkar (2 kg) og skyl dei. Skjer dei i bitar, legg dei i ein kjele og hell på 1 liter vatn. Kok sakte opp og lat det småkoka under lok  i om lag eit kvarter. Deretter skal safta silast gjennom eit klede (ikkje klem på kledet for å få safta til å renna raskare ned). Når dette er gjort, blir den avrente safta kokt opp saman med 5 dl sukker per liter avrent saft. Tilset 1 matskei sitronsyre. Etter avkjøling kan safta puttast i fryseboksen, gjerne i små plastboksar eller i godt reingjorte mjølkekartongar.
Ofte blir det sagt at rabarbraen bør nyttast før jonsok, sidan det er for sterk syre i stilkane seinare på sommaren. Det er sikkert riktig. Dermed er det dårlege nyhendet at det er i seinaste laget å plukka inn rabarbrastilkar for i år. Det gode nyhendet er derimot at det framleis er tid til å skaffa seg ein rabarbra som kan gje avling i åra som kjem. Det enklaste er å dela ei rot, og hausten er ei fin tid til å gjera dette. Så her er det berre å finna fram til nokon som har rabarbra i hagen og som vil dela.
Det går òg an å så rabarbra som frø, og sjølv har eg dyrka fram varianten Glaskin`s Perpetual på denne måten. Men rotdeling er det enklaste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar