tirsdag 17. juli 2012

Med Bjørn Sortland på tur

Bjørn Sortland er ein produktiv forfattar med ei rekkje bøker for born og unge på rullebladet. Heldigvis er mange av bøkene hans òg lesne inn som lydbøker, og dermed passar dei godt til å gjera lange bilturar om ikkje kortare, så i alle fall trivelegare.
(Foto: Andrva,
Wikimedia Commons)
Av det lettare slaget er serien med dei korte krimbøkene om David og familien hans i kamp mot erkeskurken Stig Svartvik. Handlinga er knytt til ei reise til ein eller annan utanlandsk eller norsk by, og dei ulike bøkene har fått namn etter dette: Bergen-mysteriet, Venezia-mysteriet, Stavanger-mysteriet, Luxor-mysteriet, Istanbul-mysteriet for berre å nemna nokre av titlane. Forteljingane er artige og spennande. Dei fungerer godt for born på veg inn i tenåra, men vaksne kan òg ha glede av å følgja denne familien på sine farefulle reiser. Gode landevegs-lydbøker bør som kjent ha noko å gje til denne siste målgruppa òg.  Etter å ha høyrt gjennom ganske mange av desse lydbøkene på relativt kort tid, er det likevel greitt med ein pause. Det blir litt likt og forutseieleg frå bok til bok. Kanskje er det naturleg at det blir slik med bøker i ein lettare krimsjanger.

12 ting som må gjerast rett før verda går under heiter ei anna bok av Bjørn Sortland. Denne romanen om ei jente i byrjinga av tenåra er ei vakker bok. Her handlar det om livet, døden (eller jordas undergang), kjærleiken og Gud. Hovudpersonen bur saman med den eldre søstera, som er psykisk utviklingshemma, og med mora og faren. Men no har foreldra funne ut at dei skal skiljast. I denne situasjonen søkjer hovudpersonen kontakt med klassekameraten Jan, som er presteson, «kristen-kristen», tilflyttar frå Manglerud, forsiktig og skikkeleg, litt einsam, og i det store og heile litt på utsida av normaliteten i det vestlandske lokalsamfunnet. Sortland flettar dei store spørsmåla saman med dei kvardagslege småtinga på ein framifrå måte. Humoren og den venlege ironien er sjeldan langt unna. Feil og manglar hjå dei vaksne blir godt, men ikkje krast poengtert. Eller kva skal ein seia om ei mor som serverer ostesmørbrød med løk og tunfisk når dottera får ein gut på besøk.   

Gud er viktig i 12 ting. Tru er ikkje tabu, men tvert om ein spennande del av denne historia og ein naturleg del av tankelivet til hovudpersonen. I siste delen av boka skjer det eit par overraskande vendingar. Forteljinga bryt kanskje ikkje heilt grensene for det realistiske, men ho skriv seg likevel ut over rammene av det sannsynlege. Den som les, får sjå.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar