torsdag 19. juli 2012

Den perfekte religion

Zlatan Ibrahimovic, visstnok ein kjent fotballspelar, har skifta jaktmarker til ein fotballklubb i Paris. Den eine av foreldra hans er katolikk, den andre muslim, og på ein pressekonferanse i Paris vart han spurt om kva religion han sjølv praktiserer. Ifølgje VG var svaret dette.
- Jeg har vokst opp i Sverige.. La oss si at jeg følger meg selv. Religion har ingen ting å gjøre med fotball, men jeg tror at fotball i seg selv er en religion - der alle er velkommen.
Eit religiøst symbol, som ein
kanskje må vera varsam med
i det offentlege rom? (Foto:
Pumbaa80, Wikimedia Commons)
Ifølgje avisa vart kommentaren møtt med applaus frå dei frammøtte på pressekonferansen. Kanskje seier det mest om kva sportsjournalistar til vanleg må finna seg i å høyra på under slike pressekonferansar. Men, dei om det. Dei har sjølve valt jobben sin.
På den andre sida er det liten tvil om at fotball må vera den perfekte religion. Enorme menneskemengder som bortimot forgudar ein bitteliten, og sinnssvakt overbetalt, elite. VG siterer svenske media på at den ovanfor siterte profeten har ei dagløn som svarar til det ein svensk sjukepleiar tener på eit heilt år. Prestasjonar og pengar er det avgjerande i denne religionen, og både spelarar og klubbar kan kjøpast. Konvertering mellom klubbane er både enkelt og ofte lønsamt for konvertittane, og ingen fatwa er i sikte. Men det beste av alt er at denne religionen ikkje gjev eit einaste svar på dei store spørsmåla i livet, sånn som om det finst ein Gud, om kvifor vi er til, om universet har ei meining, om vondt og godt er realitetar og forpliktande, og om det finst noko vidare bakom døden. Slike spørsmål blir ikkje ein gong stilt. Fotball må vera den perfekte religion.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar