torsdag 21. juni 2012

Tilrekneleg eller ikkje

Påtalemakta bed om at massemordaren frå Utøya og regjeringskvartalet blir sett på som «utilrekneleg». I rettssalen i Oslo er det den litt uvanlege situasjonen at forsvaret argumenterer for at tiltala er tilrekneleg, dvs ansvarleg for handlingane sine slik at han òg må ta den straffa som følgjer. Aktoratet prosederer altså for det motsette, og dermed at han som utilrekneleg skal påleggjast tvungen psykisk helsevern. Kva dommarane kjem fram til, veit vi ikkje heilt enno.
Sjølv om det viktigaste i denne saka er dei liva som gjekk tapt, og sorga hjå dei som sit att, har det store spørsmålet i media blitt om tiltala er tilrekneleg og dermed ansvarleg for handlingane, på same måten som folk flest er det. Spørsmålet er kanskje ikkje enkelt, men det reiser uansett ei rekkje andre store og viktig spørsmål.
For det første er ikkje ekspertane samde om tiltala er psykotisk, dvs sinnssjuk, eller ikkje. Det er i seg sjølv interessant å sjå at den høgaste ekspertisen i samfunnet vårt ikkje greier å koma til ein sams konklusjon i eit slikt spørsmål. Det er ei påminning om at diagnosar ikkje alltid er skrivne i stein, og kanskje er nokre diagnosar ein sosial konstruksjon. Det eitt samfunn vel å sjå som vondskap, vel eit anna å sjå som sjukdom. Kven har eigentleg rett? Kanskje seier desse vurderingane stundom meir om menneskesynet som gjennomsyrar eit samfunn, enn om sjukdom. Kor går grensene mellom sjukdom og vondskap, og kvifor er det i det heile så mange spørsmål i samfunnet vårt som kokar ned til eit helsespørsmål?
Men sett no at diagnosen «paranoid schizofreni» er rett, er det likevel sikkert at dette tek frå eit menneske ansvaret for eigne handlingar? I tilfellet med Utøya og regjeringskvartalet er handlingane blitt kløktig planlagt over lang tid, og tiltala skal ikkje ha høyrt «stemmer» som har bode han å utføra desse gjerningane. Han er vidare ein mann som i retten har reflektert omkring godt og vondt, rett og gale. Å seia at ein slik mann ikkje er ansvarleg for handlingane sine, synest for meg farleg nær å redusera eit menneske til sin eigen diagnose. Då blir handlingane våre forklarte – og ansvaret vårt fjerna – gjennom ein helsetilstand. Men vi er alle meir enn diagnosane våre, og det vi med overlegg vel å gjera, er vi ansvarlege for. Det skal mykje til for at vi ikkje skal vera det.
Men tilbake til tvilen. Det kan godt henda det er rimeleg å vera i tvil om tiltala er sinssjuk eller ikkje. Om det er slik, er det likevel sikkert at ein slik tvil skal tvinga fram konklusjonen «utilrekneleg»? Det er heilt riktig eit grunnleggjande prinsipp i ei rettssak at tvilen skal koma tiltala til gode, men det gjeld skuldspørsmålet. Er det ikkje overvegande sannsynleg  at kvinna eller mannen på tiltalebenken er skuldig, skal vedkomande heller ikkje dømast. Utgangspunktet i skuldspørsmålet er alltid at menneske ikkje er skuldige. Det må samlast prov for å visa at det motsette er tilfelle. Men i spørsmålet om ansvar, er utgangspunktet at vi alle er tilreknelege og ansvarlege. Det er dette som er «default»-moduset, og det er den motsette konklusjonen som har bevisbøra når vi har med menneske å gjera.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar