torsdag 21. juni 2012

Tilrekneleg eller ikkje

Påtalemakta bed om at massemordaren frå Utøya og regjeringskvartalet blir sett på som «utilrekneleg». I rettssalen i Oslo er det den litt uvanlege situasjonen at forsvaret argumenterer for at tiltala er tilrekneleg, dvs ansvarleg for handlingane sine slik at han òg må ta den straffa som følgjer. Aktoratet prosederer altså for det motsette, og dermed at han som utilrekneleg skal påleggjast tvungen psykisk helsevern. Kva dommarane kjem fram til, veit vi ikkje heilt enno.
Sjølv om det viktigaste i denne saka er dei liva som gjekk tapt, og sorga hjå dei som sit att, har det store spørsmålet i media blitt om tiltala er tilrekneleg og dermed ansvarleg for handlingane, på same måten som folk flest er det. Spørsmålet er kanskje ikkje enkelt, men det reiser uansett ei rekkje andre store og viktig spørsmål.
For det første er ikkje ekspertane samde om tiltala er psykotisk, dvs sinnssjuk, eller ikkje. Det er i seg sjølv interessant å sjå at den høgaste ekspertisen i samfunnet vårt ikkje greier å koma til ein sams konklusjon i eit slikt spørsmål. Det er ei påminning om at diagnosar ikkje alltid er skrivne i stein, og kanskje er nokre diagnosar ein sosial konstruksjon. Det eitt samfunn vel å sjå som vondskap, vel eit anna å sjå som sjukdom. Kven har eigentleg rett? Kanskje seier desse vurderingane stundom meir om menneskesynet som gjennomsyrar eit samfunn, enn om sjukdom. Kor går grensene mellom sjukdom og vondskap, og kvifor er det i det heile så mange spørsmål i samfunnet vårt som kokar ned til eit helsespørsmål?
Men sett no at diagnosen «paranoid schizofreni» er rett, er det likevel sikkert at dette tek frå eit menneske ansvaret for eigne handlingar? I tilfellet med Utøya og regjeringskvartalet er handlingane blitt kløktig planlagt over lang tid, og tiltala skal ikkje ha høyrt «stemmer» som har bode han å utføra desse gjerningane. Han er vidare ein mann som i retten har reflektert omkring godt og vondt, rett og gale. Å seia at ein slik mann ikkje er ansvarleg for handlingane sine, synest for meg farleg nær å redusera eit menneske til sin eigen diagnose. Då blir handlingane våre forklarte – og ansvaret vårt fjerna – gjennom ein helsetilstand. Men vi er alle meir enn diagnosane våre, og det vi med overlegg vel å gjera, er vi ansvarlege for. Det skal mykje til for at vi ikkje skal vera det.
Men tilbake til tvilen. Det kan godt henda det er rimeleg å vera i tvil om tiltala er sinssjuk eller ikkje. Om det er slik, er det likevel sikkert at ein slik tvil skal tvinga fram konklusjonen «utilrekneleg»? Det er heilt riktig eit grunnleggjande prinsipp i ei rettssak at tvilen skal koma tiltala til gode, men det gjeld skuldspørsmålet. Er det ikkje overvegande sannsynleg  at kvinna eller mannen på tiltalebenken er skuldig, skal vedkomande heller ikkje dømast. Utgangspunktet i skuldspørsmålet er alltid at menneske ikkje er skuldige. Det må samlast prov for å visa at det motsette er tilfelle. Men i spørsmålet om ansvar, er utgangspunktet at vi alle er tilreknelege og ansvarlege. Det er dette som er «default»-moduset, og det er den motsette konklusjonen som har bevisbøra når vi har med menneske å gjera.

mandag 18. juni 2012

Kinnaspelet 2012



Oda Alisøy spelar både den heilage Sunniva og prestedottera
Borni under Kinnespelet 2012 (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det finst mange historiske spel rundtom i Norge. Likevel må det mykje til for å matcha kulissane på den vesle øya Kinn utanfor Måløy. Publikum sit i skråninga inn mot eit stupbratt berg, og framfor oss spelar dramaet seg ut på ei lita flate med den gamle mellomalderkyrkja like bakom, og attanfor den igjen ligg holmane og havet. 
Helga 16.-17. juni var det nok ein gong Kinnaspel. Den fantastiske plasseringa blir brukt godt, og stykket i seg sjølv er engasjerande. Begge dei to store religiøse tidsskilja i Norge - kristninga og reformasjonen - er med i stykket. Og vi som sit i skråninga og ser på, er kanskje del av den tredje store religiøse endringa i norsk historie, avkristninga.

Men på scena spelar dei ut sine roller med stor iver. Prestedottera Borni er den glødande unge kvinna som vil ofra alt for trua. Faren, den siste katolske presten, slitest mellom forventningane frå dottera, krava frå kvinna han (ikkje heilt etter boka) har fått Borni med, kongens pålegg om å ta ved lutherdommen eller missa prestegjerninga, ønsket om å finna ei smidig løysing og skjerma folket han tener, og si eiga overtyding om kva tru som er den rette. Ingen dregst meir i ulike retningar enn presten. Prestefrilla har det enklare. Ho veit kva ho vil, ho vil det som er i pakt med tida, og dermed er ho kanskje også sterkare enn presten. Futen, spela av Bjarte Hjelmeland som talar dansk som om han aldri skulle ha vore nordom Skagerrak, er kongens mann. Ingen andre omsyn får kryssa kongens vilje. Tarve er futens hjelpesmann. Fattigguten som vel makta og gullet, som vonar å få den store kjærleiken attpå, men som misser begge delar. Her er ytre spenningar og indre spalting nok. Og under det heile ligg det ei sterk samkjensle mellom folket og kyrkja. Slik sett er dette eit spel som andar av kjærleik til folkekyrkja, samtidig som det viser fram den grelle maktmisbruken som som pregar statens kyrkje.

Vel spelt.

tirsdag 12. juni 2012

Syrisk-ortodoks biskop om kristne i Syria

Biskop Polycarpus (Foto:
Michaelovic, Wikimedia Commons)
Onsdag 20. juni deltek erkebiskop Polycarpus Augin Aydin på eit møte i Bjørgin kyrkjeakademi. Biskopen er leiar for den syrisk-ortodokse kyrkja i Nederland. Sjølv voks han opp Tur Abdin i Tyrkia, kjerneområdet for dette gamle orientalske kyrkjesamfunnet. Nederland har i dag ei ganske stor gruppe av syrisk-ortodokse med bakgrunn i Syria. Mange av desse har vener og familie i det borgarkrigsherja landet. Biskop Polycarpus vil orientera om situasjonen for kristne både i Syria og andre land i Midtausten, og han svarer gjerne på spørsmål. Sjølv om talet på kristne har minka dramatisk i store delar av Midtausten, og trass i at dei fleire stader lever under sterkt press, utgjer dei kristne kyrkjene viktige minoritetar i land som Egypt, Syria og Libanon.

Møtet er altså i Bergen, i Kafé a Cappella i Johanneskirken kl. 18.30-20.00. Arrangør av møtet er Bjørgvin kyrkjeakademi saman med professor Shabo Talay.

fredag 1. juni 2012

Kva gjer UD for livssynsminoritetar i Midtausten?

Foto: Al Jazeera English
(frå Wikimedia Commons)
Utanriksminister Jonas Gahr Støre har løfta fram situasjonen for livssynsminoritetar i Midtausten. ”Kristne er under press i hele Midtøsten. Også andre minoriteter blir forfulgt. Regjeringen vil nå styrke arbeidet for beskyttelse av livssynsminoriteter”, skreiv statsråden i eit avisinnlegg heilt på slutten av 2011. Initiativet frå departementet, som har vore omtala før her i bloggen, er svært prisverdig.


Kva har UD gjort for å følgja opp denne saka? Eg har kontakta departementet, og i svaret frå underdirektør Geir Løkken blir det opplyst at fleire ting er gjort:


Engasjerte trussamfunn og andre organisasjonar vart 7. februar inviterte til eit møte med utanriksministeren. Møtet vart kalla eit forum, og den same gruppa vart beden inn til nye samtalar 15. mai.  Denne gongen var møtet leia av Seksjon for menneskerettar og demokrati. Her deltok Åpne Dører, Baha’i, Mellomkyrkjeleg Råd, Det norske menneskerettighetsfondet, Ahmadiyya Muslim Jamaat Norge, Det europeiske religionsleiarrådet, Kirkens Nødhjelp, Det mosaiske trussamfunn, Stefanusalliansen, Frikyrkja sin Israels- og ytremisjon, FN-sambandet, Den norske Helsingforskomiteen, Norges Hindukultursenter, Antirasistisk Senter, ILPI og nokre interne frå Utanriksdepartementet.

14. juni blir nokre av dei forskingsinstitusjonane som UD har samarbeidet med i lang tid, inviterte for å drøfta ein fersk rapport om religionsfridom verda over, skrive av amerikanske PEW Forum on Religion & Public Life.


I mars og april har departementet hatt dialog med ambassadane og relevante delegasjonar for å samla best mogleg informasjon om situasjonen for livssynsminoritetar i dei respektive landa.  - Dette gav oss og eit betre grunnlag for å løfta desse spørsmåla opp i FN, noko statssekretær Gry Larsen har gjort i samtale med høgkommissæren for menneskerettar, delegasjonen vår i Genève i oppfølgingssamtalar ved kontoret hennar og vi her heime i paneldebatt om minoritetar i Menneskerettsrådet, opplyser Løkken.


Vidare er situasjonen for den koptiske minoriteten i Egypt teken opp av statssekretær Torgeir Larsen i samtalar i Egypt og i andre samtalar på politisk nivå i ulike samanhengar. - Ingen skulle no vera i tvil om kor Noreg står i desse spørsmåla, og vi leitar vidare og etter strategiske alliansepartnarar, både i og utanfor Europa, for slik å kunna oppnå konkrete resultat i arbeidet, forsikrar Løkken.