tirsdag 17. april 2012

Eit realistisk bilete frå Nord-England


Grå Yorkshire-sjarm (Foto: Arve Kjell Uthaug)

York i Nord-England er ein fascinerande by. Visseleg ikkje ein plass å reisa til om ein er ute etter sydlandsk sol og varme. Denne byen er heller ikkje det mest naturlege målet for norske fotballturistar. Litt lenger vest og sør ligg Liverpool og Manchester som er langt meir forlokkande for denne gruppa. Men York har heilt andre ting å by på, også for dei som ikkje synest små mursteinshus i eit grått og litt fuktig nordengelsk landskap er sjarmerande nok i seg sjølv.
Romarane var her, angelsaksarane var her (og er her), og vikingane var her. York er full av historie. Gjennom byen renn elva Ouse, og omringa er han av den eineståande bymuren. Inne i byen er det eit nettverk av fascinerande gater og smau («snickelways»), og i mange av gatene held framleis dei forvitnelege engelske småbutikkane skansen. Mange av gatene i York heiter forresten «gate», og det er eit språkleg spor etter vikingane som ein gong rådde her: Stonegate, High Petergate, Low Petergate, Swinegate, Gillygate, Goodramgate, Fishergate. Vikingane kalla forresten byen Jorvik.
Dominerande i bybiletet er York Minster, Nord-Europas største gotiske katedral. Over 250 år tok det å reisa dette mektige byggverket. Eg var innom på evensong tidleg denne veka. Det var ei fascinerande oppleving, og koret song vakkert – men noko stivt, utilnærmeleg og kjølig var det likevel over det heile. Kanskje eg som utanlandsk gjest ikkje burde vore så kritisk, men eg følte det som eg sto på utsida utan å delta.

Keisaren framfor Katedralen
Sjølv om det er York Minster som ruvar mest, handlar den kristne historia til York om mykje meir enn katedralen. Nesten vegg i vegg med York Minster ligg St Michael le Belfrey, der den sentrale karismatisk-evangeliske forkynnaren David Watson ein gong var prest. Etter heimesidene å døma, har dagens kyrkjelyd i the Belfrey ført vidare denne arven.  Elles skal ein ikkje gå mange minuttane før ein har observert gudshusa til ei rekkje andre kyrkjesamfunn som metodistane, Frelsesarmeen og unitarane. «Wesleyan Chapel» frå 1883 ser derimot ut til å vera stengt. Heller ikkje alle Church of England sine gamle gudshus er brukt til sitt opphavlege føremål. Men det er svært mange kyrkjer i York. Forresten er det ingen ringare enn den romerske keisaren Konstantin den store som sit på sokkel utanfor katedralen York Minster. Konstantin, som skal ha blitt utropt til keisar her i York, er sjølve symbolet på samanflettinga av statsmakt og kristendom. Slik sett er han ei tankevekkjande påminning der han sit med sverdet sitt utanfor den statskyrkjelege katedralen.


Frukost på ein brun kafe
 Men trass i den store keisaren og den veldige katedralen, York er aller mest byen med dei  tette gatene og dei små butikkane, dei tronge smaua – og dei tusen små detaljane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar