søndag 25. mars 2012

"Kjeltringer i kirken"

Forfattar Jarle Kallestad (Foto: Arve Kjell Uthaug).
Det er inga lita utfordring å skriva bøker for unge på veg inn i tenåra. For å nå fram til målgruppa må ein trenga gjennom ein mur av fantasy, vampyrar og – ikkje minst – tidsslukande skjermbruk. Vel, ingen ting gale sagt om god fantasy. Både godt og gale sagt om skjermbruk. Og minst mogleg sagt om vampyrar.

Men Jarle Kallestad og Lunde forlag har altså gitt ut ei ny ungdomsbok heilt utan desse ingrediensane. Boka handlar om venegjengen KG, Malin og Markus. Her er det venskap, ei lita kriminalgåte – og ganske mange overraskande vendingar og avsløringar på vegen fram til mysteriet er løyst. Kallestad fører eit godt språk. Forteljinga er ispedd ein god porsjon humor og ein liten dash fotballnostalgi. Rett nok kan ein ikkje venta at så mange i aldersgruppa 11 til 14 kjenner til den legendariske Leicester- og Stoke-målmannen Gordon Banks, men ein god del av pappaane deira dreg nok kjensle på namnet. Godt at slike bøker kan friska opp slike minne frå vår eigen barndom. Så kan dei unge lesarane av boka bli kjent med Banks gjennom historia til Mali, Markus og KG.

Tittelen på boka er ”Kjeltringer i kirken”, og det burde forfattaren vita mykje om. Som journalist i den kristne dagspressa gjennom ein god mannsalder, må han ha sett mykje av både konfliktar, sprik mellom liv og lære og kyrkjeleg tilsette med personlege særtrekk heilt på grensa av det omgjevnadene maktar å bera. Mange av personane i boka er typar malt med ganske brei pensel. Kallestad let dei framstå litt enklare enn vi ville venta å finna dei i det verkelege livet. Men dei fungerer i ei bok der det er humoren og spenninga som driv forteljinga framover.

For bokslukarane er det ganske raskt gjort å koma fram til mål. I underkant av åtti ikkje alt for tettskrivne sider er ein raskt tilbakelagt etappe for mange unge lesarar. Men for dei som ikkje kastar seg over tjukke bøker med like stor lyst, har kanskje forfattaren funne eit godt format. Han er i alle fall ikkje smitta av tendensen til å skriva altfor tjukke bøker - ein del av litteraturen er som kjent blitt ein integrert del av den mykje omtala fedme-epidemien i den vestlege verda.

Kallestad har skrive ein litterær variant av ein kortfilm med høg feelgood-faktor. Sjølve handlinga skal eg ikkje røpa, det ville vera dårleg gjort. Men eg gler meg til dei to neste bøkene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar