søndag 11. mars 2012

Den vesle kristne minoriteten i Tur Abdin

Fadervår på arameisk.
Den kristne kyrkja har gjennom hundreåra breidd seg utover og vokse seg stor og sterk i nye område av verda. Ser ein dei store linene, er det ei historie om vekst. Men i ein del område har kyrkja gått frå å vera stor til å bli ein liten minoritet, og nokre stader er ho blitt heilt borte. Midtausten har i stor grad hatt ei slik utvikling. Den klart største kristne gruppa i dag er koptarane i Egypt, som kanskje utgjer omkring ti millionar menneske. Ein minoritet i landet sitt, men likevel ei gruppe som er dobbelt så stor som den norske befolkninga. (Kor mange millionar koptarar som finst i Egypt, er forresten omstridd, og det er ikkje godt å vita kva som er det korrekte talet).

I Tyrkia er situasjonen svært annleis. Av om lag 80 millionar menneske er berre nokre titusen kristne. Nokre få tusen av desse igjen er syrisk-ortodokse.  På same måten som dei armenske kristne i Tyrkia, opplevde dei syrisk-ortodokse forferdelege forfølgingar særleg i første halvdelen av 1900-talet. I Midtausten er elles dei syrisk-ortodokse i dag mest talrike i Syria, og denne gruppa kristne har òg ført vidare det gamle arameiske språket. Mange har reist frå dei gamle landa sine til Vesten. Eit av dei største diasporasamfunna er i Sverige, som i følgje wikipedia er blitt den nye heimen for 80.000 syrisk-ortodokse.

I det gamle kristne området Tur Abdin søraust i Tyrkia er det i dag berre litt over 2000 kristne att. Historisk sett har dette vore eit svært viktig område for den syrisk-ortodokse kyrkja. Sjølv om det ikkje er mange kristne att her, er det likevel fleire kloster og kyrkjer som er i bruk. I følgje erkebiskop Timoteus Samuel Aktas av Tur Abdin har kyrkja ti munkar, seks prestar, 22 nonner, ein erkediakon og fire diakonar som gjer teneste i bispedømet.  Sjølv held biskopen til i det kjende klosteret Mor Gabriel, som vart grunnlagt i år 397 etter Kristus, og som tradisjonelt har vore eit viktig åndeleg senter i dette kyrkjesamfunnet. Svært få kristne gudshus som framleis er i bruk, kan trekkja historia si så langt bak i tid.

              Den syrisk-ortodokse kyrkja i Tyrkia opplever framleis motgang og problem, slik biskop Timoteus peikte på i talen sin til støttegruppa for kristne i Tur Abdin og Nord-Irak i februar i år. Klosteret Mor Gabriel står i fare for å bli frårøva store landområde, ei relativt ny historiebok i skulen stemplar syrisk-ortodokse som forrædarar – for å nemna eit par av problema. Samstundes skjer det gledelege ting. Den tyrkiske nasjonalforsamlinga har fått ein kristen parlamentsmedlem frå Tur Abdin, nokre få familiar har flytta tilbake frå Vesten, og det eldgamle klosteret Mor Augin er igjen opna etter å ha stått tomt i førti år.

              Og det aller mest gledeleg er at, trass alt, så finst det framleis kristne i Tur Abdin.

1 kommentar: