fredag 24. februar 2012

Høgre utan verdikonservativt fikenblad

Staten strammar grepet og vil ikkje lenger la fastlegar reservera seg mot å visa gravide kvinner vidare til abort. Ultimatumet frå departementet er at legane får gjera som staten vil eller finna seg ein annan jobb. Argumentet er at pasienten er viktigare enn legens personlege overtyding. Og partiet Høgre ser ut til å følgja det raudgrøne Helsedepartementet friksjonslaust.

Høgre har ein føremålsparagraf som seier at partiet vil «fremje personleg fridom og sosialt ansvar». Men i denne saka er ikkje partiet noko korrektiv. Byrådsleiar Monica Mæland  i Bergen seier at «hvis man ikke kan gi alle pasientene like god behandling, bør man finne noe annet å gjøre enn å være fastlege». Ho får støtte av partileiar Erna Solberg og helsepolitisk talsmann Bent Høie.

"AUTORITÆRE FREMRYKK": For meg er dei gåte at leiarar i eit verdikonservativt og liberalt parti så uanfekta kan følgja den raudgrøne styringsiveren i ei slik sak. Bakgrunnen er at fastlegane tidlegare har kunna reservera seg, praksisen har vore skriftleg stadfest av Helsedepartementet og Helsetilsynet, legane ser ut til å ha vore fleksible og smidige – og departement og tilsyn er ikkje i stand til å dokumentera at dei har skapt nemneverdige vanskar for abortsøkjande. Men departementet vil likevel stramma inn. 
 
Sjølv politikarar har lov til å ta ein time-out. Eit parti som vil lempa ut kristne legar som kjenner seg bundne av samvitet sitt i spørsmålet om liv og menneskeverd, bør spørja seg sjølv om det har mista si verdikonservative sjel og ganske mykje av dei liberale prinsippa med.
 
Høgre bør heller sjå verdien av slike kritiske røyster innanfor helsevesenet. Vi vil trenga dei framover. Endringane innanfor medisinen reiser mange og heilt grunnleggjande etiske spørsmål: Er det rett at nokre ufødde barn er utan livsvern når vi gjer alt vi kan for å verna livet og helsa til andre på same alder? Er det i tråd med menneskesynet vårt å luka ut born med Downs syndrom før fødselen? Er det forkasteleg å fjerna foster fordi dei har «feil» kjønn når vi fjernar ufødde med «feil» kromosomtal? Korleis kan det ha seg at ei mor møter respektlause og – etter mitt syn - ekstreme haldningar i det norske helsevesenet når ho vel å bera fram eit barn med ein alvorleg kromosomsjukdom? Korleis skal vi i framtida handtera den genetiske informasjonen vi kan få om enkeltmenneske? Skal helsevesenet anerkjenna ein rett til sjølvbestemt død?
Spørsmåla står i kø, og vi kan få god bruk for det samvitet som finst både hjå legar og oss andre. Då er det ingen god idé å skvisa dei etisk opposisjonelle. Edvin Schei og Eivind Meland er medisinprofessorar og fastlegar, og dei viser vidare abortsøkjande kvinner utan å reservera seg. Likevel støttar dei reservasjonsretten og synest det er skremmande at staten i denne saka «gjør autoritære fremrykk i etiske gråsoner» (Bergens Tidende 6.2.12). Det er ein tankekross at denne uroa ikkje ser ut til å finnast på topplanet i eit verdikonservativt parti som har til føremål å fremja personleg fridom og sosialt ansvar. Kristin Clemet   ser ikkje ut til å bli høyrt.

DEN ANDRE PASIENTEN: Ein av kritikarane til reservasjonslegane slo tidleg i ordskiftet fast at det er lenge sidan «kvinners valgfrihet vant det etiske slaget om fosteret». I det minste har den engasjerte debatten etterpå vist at dette er feil. Heller enn eit vunne slag, har vi eit ope etisk sår. Det er ein grunn til at desse fastlegane har samvitskvalar og til at spørsmålet engasjerer så sterkt. Og den grunnen finst sjølv om den offentlege debatten heile tida tenderer mot å omskriva, avdempa og tilsløra problemet. 
 
Dei same sjukehusa som gjennomfører abortane, gjer sitt beste for å ta vare på livet og helsa til andre ufødde. Då er det ikkje berre ein, men to pasientar. Derfor er det meir tilslørande enn opplysande å hevda at denne saka handlar om at pasienten må setjast framfor legen. Helsepersonell som reserverer seg mot abort – på ulike nivå i prosessen – gjer nettopp det. Men dei har i legeetikken sin òg plass til pasient nummer to, og legg vekt på at desse ufødde har eigenverdi og menneskeverd. Både mor og barn skal hjelpast, og livet er for oss alle den mest grunnleggjande menneskerett.

Det kan sjå ut som om born av lukkelege, forventningsfulle foreldre har ein stor verdi. Takk og pris for det. Men dei mindre heldige ufødde kan, i alle fall i dei tolv første vekene av svangerskapet, fjernast utan noko som helst vern. Sidan dette er forankra i norsk lovverk, må det bety at desse ufødde borna har ein flytande og samfunnsdefinert verdi meir enn ein eigenverdi som menneske. Det burde vera nok ein grunn til time-out for politikarar som kallar seg verdikonservative.

KRF, ELLER EIN TUR PÅ FJELLET: Partiet Høgre rir på gode meiningsmålingar nasjonalt, og dei har sikkert mange gode kroneteljarar lokalt. Framgangen på gallupane er vel unt, og solid økonomisk styring i lokalpolitikken er viktig. Men dei verdikonservative fikenblada er det ikkje mang att av i Høgres hage. Den liberale respekten for det sjølvstendige og samvitsbundne individet har òg vist seg ganske vissen og gulna i kantane i saka om reservasjonsrett for fastlegane.

For nokre av oss er det ei påminning om at det på valdagen ikkje er andre alternativ enn KrF, eller ein tur på fjellet. 


(Innlegget over er òg publisert i det nettbaserte tidsskriftet Minerva. Mange har kommentert striden om reservasjonsrett for fastlegar. Innlegget til Kaj Skagen i Dag og Tid er, etter mi meining, eit av dei beste).  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar