onsdag 15. februar 2012

Her er det plass til alle

Av og til kan folk ha vanskeleg for å finna ein klubb eller eit fellesskap som passar. Men heldigvis finst det opne og inkluderande alternativ som høver for nesten alle av oss. Særleg er det grunn til å trekkja fram noko som heiter dustClub. Der må vel alle føla seg heime. Av det norske flagget i logoen til klubben er det heilt tydeleg at han er meint for folk som snakkar og skriv norsk. Ærlegare namn skal ein altså leita lenge etter. Det går an å bli betalande medlem av klubben, og av ein eller annan grunn ser det ut til at ein då får ein støvsugarpose eller to i posten som velkomstgåve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar