mandag 24. november 2025

Kule ord (103): Keipetjuv

Denne båten kan ha fått mang ein keipetjuv inn over ripa.
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Av og til kunne ei bølgje slå litt sjø over båtsida og inn i robåten. Slikt skvett eller sjø vart kalla ein keipetjuv. Keipen er det vesle trestykket som står om lag midt på båtsida på ein robåt, og som held åra på plass når ein ror. Far min voks opp på Fedje på 1930- og 1940-talet, og han hugsar at far hans brukte ordet keipetjuv. Han hugsar òg at farfar min hadde ein slags tek der han brukte åra til å bryta litt av toppen på keipetjuven som kom.

Hans Lauvik har plukka opp ordet i den flotte ordsamlinga Kav stril (2013). Her er ordet kjeipatju´forklart slik:

Straumskavl som tok seg opp på sida av båten og vart så stor at han kom inn i båten frå sida. Det var ikkje så heilt uvanleg at ein stor kjeipatju´ fylte båten med sjøvatn opp under bekkjena.

Ordet finn du ikkje i nettutgåvene av Nynorskordboka, Bokmålsordboka eller Norsk Ordbok, og det har neppe vore vanleg over eit særleg stort geografisk område. Norsk Ordbok har med eit ord som minner litt om dagens ord, nemleg teinetvjuv. Ordet er henta frå Farsunds-området, og denne tjuven er ein "sønnavind om hausten som gjev dårleg hummarfiske". Begge orda omtalar altså eit fortredeleg naturfenomen og gjev det menneskeskapnad gjennom ordet tjuv. Ordet tidstjuv er heller ikkje så langt unna her, men då har vi mist saltsmaken.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar