![]() |
| Udemokratiske makthavarar i Midt-Austen greip saka om Muhammed- karikaturane med iver. Odd Isungset har skrive boka Dei fordømte karikaturane (Aschehoug, 2025). |
Den danske avisa Jyllands-Posten publiserte hausten 2005 eit knippe karikaturteikningar av profeten Muhammed. Det vart eit frykteleg spetakkel både i Danmark og i fleire muslimske land. Nokre månader seinare publiserte den vesle norske avisa Magazinet teikningane som illustrasjon til ein reportasje om det som gjekk føre seg i Danmark. Dermed kom spetakkelet hit.
Odd Isungset har skrive bok om karikatur-saka. Han har gjort ein grundig jobb og gitt oss ei detaljert framstilling som på journalistisk vis følgjer utviklinga av saka, før han samlar trådane i ein interessant analyse i sistekapitlet.
Boka har mange aktørar, og eg vil gripa fatt i nokre få av dei.
VEBJØRN SELBEKK var redaktøren som valde å publisera teikningane i Magazinet, ei lita kristen vekeavis med fotfeste i nyare karismatisk og frikyrkjeleg kristendom. Avisa var klart mindre enn dei to tradisjonelle kristne dagsavisene Dagen og Vårt Land. Nokre år seinare fusjonerte forresten Magazinet med Dagen, og Selbekk var ein del av medgifta. Han er i dag ein av dei mest kjende norske avisredaktørane, og det er ikkje verst når du er bladstyrar i Dagen i Bergen.
Då Magazinet publiserte saka om karikaturstriden i 2006, var trønderen ein outsider som neppe mange i politiske og kyrkjelege maktposisjonar ønskte å bli identifiserte med. Selbekk vart truga på livet, både han og familien levde i årevis under eit sterkt press og det var ikkje alltid mange som støtta dei.
Men av og til er tida på parti sjølv med ein kristenkonservativ redaktør. I 2015 fekk Selbekk Fritt Ords Honnørpris. Tidlegare same året vart fleire redaksjonsmedlemar drepne i eit åtak mot det franske satiremagasinet Charlie Hebdo. No var alle Charlie Hebdoe, sjølv om mange av dei ikkje hadde vore Vebjørn Selbekk ti år tidlegare. Stemningsskiftet var eit faktum.
Den utskjelte bladstyraren frå Meråker har endt opp som eit symbol på kampen for den frie ytringa. Mannen som våga der andre frykta og feiga ut. Det bør skapa ein viss ettertanke at i vårt land var det ein kristenkonservativ redaktør i ei marginal avis som sto i stormen for ytringsfridomen den gongen andre pressefolk, kulturpersonar og politikarar - ofte av forståelege grunnar - fann seg mindre utsette posisjonar.
AHMED AKKARI dukkar ofte opp og får brei omtale i Dei fordømte karikaturane. Akkari var ein av dei danske imamane som reiste til Midtausten og hissa opp stemninga mot Danmark under karikaturstriden. Dei skriftlærde hadde med seg og viste fram både ekte og falske Muhammed-teikningar. Dei siste var det ingen danske aviser som hadde publisert, men målet helga tydelegvis middelet.
Akkari går frå islamistisk aktivisme til sjølvransaking. Han reiser til Grønland og blir lærar der. Der les han bøker han før ikkje hadde brydd seg om, blir glad i Danmark, tvilen og vestlege verdiar. Isungset viser vanlegvis ikkje fram dei sterke sympatiane og antipatiane i framstillinga. Han omtalar dei ulike aktørane nøkternt og balansert. Det hindrar ikkje at Akkari står fram som eit håpsteikn i denne forteljinga. Ei omvendingshistorie slik den moderne sekulære Vesten vil ha henne.
JONAS GAHR STØRE er det ikkje så enkelt å koma unna i denne samanhengen. I alle fall ikkje om ein ser saka frå eit norsk perspektiv. Med ujamne mellomrom dukkar karikaturstriden opp i det norske offentlege ordskiftet, og då får som regel Støre passet sitt påskrive fordi han som utanriksminsiter var for utydeleg og svak i forsvaret av ytringsfridomen i 2006, og fordi han gjorde livet verre for familien Selbekk. Utanriksminister Støre feilinformerte opinionen gjennom å hevda at Magazinet var den einaste norske avisa som hadde vidareformidla dei omstridde teikningane. Andre og større norske media hadde faktisk òg vist fram karikaturane, utan at det skapte oppstyr. Dermed vart resultatet at heile saka velta over på redaktøren i ei marginal, kristen avis. Og på familien hans. Catarina Selbekk, kona til redaktøren, har peikt på Jens Stoltenberg, som var statsminister, og Jonas Gahr Støre, som var utanriksminister: "Var det så lett for dem å slenge en helt vanlig familie under bussen?"
Kritikken mot Støre er forståeleg òg når ein legg til grunn framstillinga hjå Isungset. Samstundes måtte utanriksministeren gjera vanskelege vurderingar i ein situasjon der norske ambassadar vart mål for valdelege demonstrasjonar og norske soldatar i Afghanistan vart skyteskive for geriljaen. Isungset tonar ned kritikken av Støre og viser til at han i ettertid eit stykke på veg har vedgått at han kunne handtert konflikten betre og uttrykt seg annleis. Derimot er Isungset krass i kritikken mot norske media, som han meiner mangla både kritisk journalistikk og skikkeleg analyse av kven som stod bak og orkestrerte opprøra mot karikaturane.
KRISTNE AKTØRAR. Forresten var Støre langt frå åleine om å kritisera redaktør Selbekk i karikaturstriden. Mange kommentatorar i samfunnsdebatten gjorde det same, inkludert sentrale aktørar i Kristen-Norge. KrF-toppane Bondevik og Høybråten kom med kritikk, og det same gjorde menn som Olav Fykse Tveit, biskop Gunnar Stålsett og leiar av Kirkens Nødhjelp Atle Sommerfeldt.
Isungset er knallhard i kritikken mot kyrkja og dei kristne organisasjonane: "Dei solidariserte seg i røynda med fundamentalistiske makthavarar som hadde som uttalt prinsipp at det var rett å ta livet av konvertittar, kunstnarar, homofile og maktkritikarar. På den måten støtta dei diktatorar og terrororganisasjonar som ikkje akkurat var opptatt av menneskeverd, trusfridom, kristen nestekjærleik eller fredeleg sameksistens" (s. 428). Isungset meiner desse kristne organisasjonane misforstod standpunktet sitt som eit solidarisk forsvar av alle truande, når realiteten var at trua vart misbrukt. Bakteppet for denne analysen hjå Isungset er at han i stor grad ser karikaturstriden som eit middel udemokratiske regime brukte for å styrka makta si.
Her må eg skyta inn at det ikkje var heilt enkelt å finna fram til den omstridde dobbeltsida i Magazinet, slik at eg kunne lesa og sjå dei omstridde artiklane. Til slutt fann eg det i bokhylla. I Fryktens makt skriv Selbekk sjølv om karikatur-balubaen, og den omstridde dobbeltsida er gjengitt i boka. Hovudartikkelen fortel om karikaturstriden som har oppstått i Danmark, i ein mindre kommentar slår Selbekk fast at ytringsfridomen er truga - og så er teikningane frå Jyllands-Posten brukt som faksimile. Artiklane i Magazinet er ikkje på nokon måte satiriske eller hånande. Eg er klar over at det for mange muslimar er tabu å avbilda Muhammed, men det er i ettertid likevel merkeleg å lesa den sterke førdøminga ein organisasjon som Kirkens Nødhjelp kom med mot ei norsk avis som brukte det frie ordet.
STYRESMAKTER I MIDTAUSTEN. Eit viktig poeng hjå Isungset er måten regima i fleire islamske land hissa opp stemninga og utnytta striden politisk. Det militærbaserte regimet i Egypt gjekk inn i rolla som forsvarar av profeten og betalte reisene for danske imamar som drog til Midtausten og piska opp konflikten. Assad-regimet i Syria stod med hendene i lommene og let demonstrantar brenna ned den norske og den danske ambassaden.
Isungset skriv om "det iscenesette raseriet". Udemokratiske regime gjorde karikaturstriden til "eit storstilt forsøk på å få verdas fokus vekk frå dei kolossale demokratiske, sosiale og religiøse problema som herskar i så godt som alle land der islam er fundamentet for makthavarane, og der det ikkje er skilje mellom religion og poltikk" (s. 427).
NY OG GAMMAL BLASFEMI. Dette er eit viktig poeng, og Isungset dokumenterer det på ein god måte. Samtidig blir det ikkje brann berre av at nokon fiklar med fyrstikkene. Brennbart materiale må òg til. Eg vil tru mange i Vesten reddast meir for det siste enn det første. For det finst ein liten minoritet som er villig til å gjennomføra drap og attentat. Og dei finst i våre land, ikkje berre langt borte. Dessutan finst ei gruppe som er endå litt større, og som heiar fram valdsmennene. Resultatet kan fort bli at frykt trumfar prinsipp, sjølv når prinsippet er den frie meiningsutvekslinga. For kva nytte har det frie ordet om folk ikkje vågar å bruka det?
Parallelt med dette er det viktig å hugsa på den store gruppa muslimar som ikkje støttar terrorismen, men som først og fremst ønskjer å leva eit fredeleg liv i samfunnet vårt. Møte med valds-islamismen stiller store krav både til desse menneska og til storsamfunnet for å unngå at muslimar generelt blir ein del av fiendebiletet og trekt inn i ei uheldig polarisering.
Det er mykje meir å seia om karikaturstriden, om religion, blasfemi og satire - og om kva som er ei klok og god handling, og kva som ikkje er det, men som likevel eit ope samfunn bør tillata. I Europa er det ikkje lenger kyrkja som blir opplevd som den største fienden av den djerve og tidvis uforskamma satiren. Denne rolla har i stor grad islam teke over. Men ikkje åleine. Kampen mot såkalla hatprat, særleg den som rammar dei "rette" minoritetsgruppene, har etablert sin eigen blasfemi. Men det er det skrive andre bøker om.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar