lørdag 8. februar 2020

Kule ord (58): Hybrid

Ikkje køyrande og ikkje ridande
(Teikning: Theodor Kittelsen, henta frå Wikiart)
Ein hybrid er ei blanding eller ein krysning. Ordet er godt kjent både frå biologien og språkvitskapen. I daglegspråket er det gjerne aller mest brukt i det samansette ordet "hybridbil", ein bil som kombinerer forbrenningsmotor (bensin/diesel) med elektrisk motor.

I norsk eventyrtradisjon er hybriden kanskje best representert ved ei ung kvinne. Historia er den om kongssonen som fridde til ei jente. "Men då dei var blitt gode vener og vel forlikte, syntest han det kunne vera det same; då ville han ikkje ha henne, for ho var ikkje fin nok til han." Denne bortskjemte bleien av ein kongsson fann ein finurleg måte å ditsja jenta på. Han ville berre ha henne viss ho kom til han:

ikkje køyrande
og ikkje ridande,
ikkje gåande
og ikkje akande,
ikkje svolten
og ikkje mett,
ikkje naken
og ikkje kledt,
ikkje dag
og ikkje natt.

Den sta og oppfinsame jenta løyste oppgåva, og det var der hybriden kom inn. Eventyret kan lesast her. Gåta er sjølvsagt at ho ville ha fyren, men det er ei anna sak.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar