torsdag 27. juli 2017

Kule ord (38): smikke

Smikke er ein liten mygg, eller det same som knott. Det finst ulike artar av denne upopulære skapningen. Store Norske Leksikon opplyser at hoene av mange slag knott er "pågående blodsugere", og slår fast: "Da knotten opptrer i uhyre mengder, kan de volde store lidelser for mennesker og dyr". Elles har wikipedia ei interessant påpeiking av skilnaden mellom knott og sviknott, som er to ulike undergrupper av mygg. Om smikka som plagar oss på stille, fuktige sommarkveldar ute på strilelandet, er knott eller sviknott får ekspertane finna ut av. Men at smikka er lita, at ho kjem i store svermar og at ho kan vera ei sann plage - det er heva over tvil.

Når det gjeld sjølve ordet smikke for små mygg, har Norsk Ordbok registrert det ulike stader på Vestlandet. Eg kjenner det frå Nordhordland, men det er nok langt dårlegare kjent mellom dei yngre generasjonane enn blant eldre folk. Ordet er hokjønn, og eg vil meina det mest vert brukt i eintalsform for å omtala desse insekta som gruppe: "Da e heise me smikka ute" og "smikko va fel i kvæll".

Men smikka har òg funne sin plass i litteraturen. Det har forfattaren og romsdalingen Edvard Hoem sytt for. I boka Slåttekar i himmelen frå 2014 fortel han om Nesje, og slår fast at ein "stygg uvenn hadde slåttekaren ved Romsdalens breie fjord, det var eit lite insekt som dei kalla smikka. Når det var vindstille, kom dei i titusental, ørsmå knott, som beit overalt der dei kunne koma til, og særleg var ram mot halsen og i hårbotnen". Eg let Hoem få dei siste orda om smikka:

For av alle dei pilegrimsvegar som Vårherre har lagt til rette for oss, er vegen over slåtteteigen den vakraste. Ein går med ljåen til ein møter gjerdet mot grannen, så går ein tilbake og byrjar på ein ny skår. Ja, den vegen er Herrens veg, men smikka er djevelens verk.

Aldri kunne det falle Nesje inn å gi tapt om smikka var plagsam. I vindstille kveldar gjekk han laus på sine eigne bratter, og så kom smikkesvermen straks sola gjekk ned, og han kunne bli reint forkomen, men han heldt ut, så han var oppeten på både armar og hals når han omsider kom inn. Men da vaska han seg i skåldheitt vatn og skylde til og med håret med grønsåpe, så dei bøvels krypa ikkje skulle gi seg til i skolten på ein mann når han skulle sova.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar