onsdag 22. februar 2017

Kule ord (36): smale

Smale på beite (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Kvifor har vi to eller fleire ord når vi kunne greidd oss med eitt? Eg veit ikkje. To ord gjev oss i alle fall dobbelt så mykje å velja i, og ofte vil orda ha ulike nyansar og få litt ulik meining. 

Ein smale er det same som ein sau. Begge orda har vi frå norrønt, og ordet smale var nok vanlegare for eit par generasjonar sidan enn det er i dag. "Eg må gå og sjå etter smalen", kan ein seia når ein skal gå og sjå etter sauene. Smalehus er sikkert kjent for mange, og smalahove har fått sin renessanse. 


Svein Nestor har skrive ein artikkel om Norrøne hestar og sauer, der han fortel om historia bak ulike ord for desse husdyra, i tillegg til at han er ein snartur innom ulven og vargen. Ordet sau heng saman med det gamle norske verbet sjóða, som tyder å "syda, koka". "Me får altså tru at sauðr opphavleg var ei matnemning, og seinare vart nemninga på eit dyr som ein ofte koka seg mat av", skriv Nestor. Smale derimot heng saman med adjektivet smal, som på norrønt tydde "liten" - akkurat som engelsk small i dag. Smale er jo også typisk småfe. 


Men som det var med sauen, var det òg med hesten i det norrøne målet. Det fanst fleire ord for same firbeining: hestr, som vi i dag har som hest, og hross, som det finst få spor att av i språket - bortsett frå i stadnamn. Så når Hestneset og Rossneset ligg på kvar si side av Hoplandsosen i ytre Nordhordland, så kjem begge namna av hest.

2 kommentarer:

  1. På Gotland har dei ein hesterase som heiter Russ. Dei er litt ville om våren...

    SvarSlett
  2. Artig. Gotlandsrussen ber nok med seg det gamle germanske ordet for hest, som i norrønt "hross" og i "horse" i dagens engelsk.

    SvarSlett