lørdag 6. februar 2016

Eit akademisk blikk på kristne i Midtausten

Syrisk-ortodoks kyrkje i Victoria, Australia. Er dette framtida
for dei kristne i Midtausten? (foto: iPostcodes, Wikimedia Commons)
Dei stakkars menneska i Midtausten som trur på Det nye testamentet, har norske kristne gløymt. Dei bryr seg meir om menneska i Midtausten som trur på Det gamle testamentet. Det var samfunnsforskaren og rikssynsaren Frank Aarebrot som kom med denne spissformuleringa tidlegare i haust. Men her trur eg den vanlegvis så velinformerte Aarebrot har sove litt i timen.

Frå aust til midtaust
Kristne forlag har dei siste åra gitt ut bøker om den vanskelege situasjonen for trusfellane i Midtausten. Ei av desse er den norske utgåva av Den siste nattverd, som kom på Hermon forlag i forfjor. I fjor gav Lunde forlag ut boka Livsfarlig tro, med undertittelen "De følger Jesus uansett pris. Sanne historier fra Midtøsten". Ikkje minst har avisa Dagen gjennom ganske lang tid hatt spaltemeter på spaltemeter med informative artiklar og reportasjar frå ulike land, som fokuserer på situasjonen for kristne i denne delen av verda. Avisa er den mest israelsvenlege av dagsavisene her til lands, og sannsynlegvis òg den som er mest oppteken av dei forfølgde kristne i Midtausten. Og det er nok nettopp fordi Dagen skjønar at temaet har stor interesse at avisa brukte denne eigenreklamen, heilt på kanten av det smaklause: "Bli muslim eller dø! Hvordan forfølges kristne i Irak akkurat nå? Prøv Dagen gratis i to uker". (1) Organisasjonar som Stefanusalliansen og Åpne Dører har òg eit sterkt søkjelys rettar mot forfølgde trussøsken i den muslimske verda. 

Eg kan forstå spissformuleringa frå Aarebrot om vi utelukkande ser på Israel og Palestina. Her kan den sterke israelsvenskapen i delar av kristennoreg skugga for og gjera palestinske kristne usynlege til tider. Alt som har med Israel å gjera, blir fort polarisert. På den andre sida her finn ein dei som er villige til å gje Israel, eller i alle fall konflikten mellom israelarar og palestinarar, ansvaret for det meste av det som vondt er i Midtausten. Heilt absurd, sjølvsagt. Og uansett har mange norske kristne for lengst fått augo opp for den vanskelege situasjonen kristne lever under i Midtausten. 

Enkelt sagt, for nokre tiår sidan var dei forfølgde kristne bak kommunismens jernteppe. I dag lever dei under, eller flyktar frå islam. Fokuset er for lengst flytta frå Aust-Europa til Midtausten.

Breidde
Men korleis er det utanfor kyrkje- og bedehusveggene? Boka De kristne i Midtøsten ser på situasjonen med eit akademisk blikk. Eller rettare sagt med mange akademiske blikk. Boka er ei artikkelsamling der elleve ulike forskarar har skrive artiklar om ulike sider ved dei kristne sin situasjon og historia deiraNi av forfattarane er tilsette ved Universitetet i Oslo, og boka er blitt ei imponerande framvising av den kompetansen hovudstadsuniversitetet har på dette feltet. Dei som måtte tru at norske akademikarar ikkje interesserer seg for dei kristne i Midtausten, kan ta ein telefon til Universitetet i Oslo.

Det klart største kristne samfunnet i området er koptarane i Egypt. I eit av dei mest interessante kapitla, viser religionshistorikar Nora Stene korleis den koptiske kyrkja  hentar styrke frå eit stort og livskraftig søndagsskulearbeid. Kollegaen hennar Kari Vogt skriv om den koptiske kyrkja etter den arabiske våren. Som rimeleg er trekkjer ho linjene også bakover i tid, og det er forvitneleg å sjå den rolla den mektige pave Shenuda III spela på slutten av 1900-talet, og lesa om konflikten mellom han og president Sadat.

Tyrkia hadde så seint som for hundre år sidan ein stor kristen minoritet. No er det så få att at du nærast må leita etter dei med forstørrelsesglas. Ein av artiklane i boka handlar om denne utviklinga. To av kapitla er om Libanon, landet som ein gong hadde kristent fleirtal, og der presidenten framleis skal vera frå den maronittiske kyrkja. Kai E. Kverme gjev eit innblikk i utviklinga som har ført til at kristne grupper i dag er politisk delt i ein anti-syrisk fløy, dvs. anti-Assad, og ein fløy som ser Hizballah og Assad som det minste vondet. Kverme hevdar òg at alt tyder på at muslimar no i større grad enn kristne flyttar ut frå Libanon (s. 187). Om det stemmer, er det oppsiktsvekkande. Den andre artikkelen, skriven av Anne Hege Grung, hevdar derimot at "om kristne libanesere migrerer i større grad enn muslimske libanesere, er det ikke mulig å slå fast" (s. 168). Det skal bli spennande å sjå. Sikkert er det i alle fall at Libanon er eit unntaksland i Midtausten fordi kristne der har reell politisk makt.

Oddbjørn Leirvik har skrive om "Kristne under islam: tekst og historie". Arabisk-professor Stephan Guth om "Kristnes bidrag til islamsk kultur og arabisk identitet". Bård Helge Kårtveit om kristne palestinarar som utvandrar. Sven Thore Kloster om korleis kristne i Midtausten blir framstilte her heime. Brynjar Lia om synet på kristne minoritetar i jihadist-rørsla.

Tilbake til Arabia
Boka har altså mange lærerike og interessante artiklar. Her skal eg konsentrera meg om ein av dei, som handlar om kristne på den arabiske halvøya. Berit Thorbjørnsrud har skrive om "Den arabiske halvøy: Der kristendommen blomstrer?"

- Og 1200 år senere, i det 19. århundre, begynte de kristne å vende tilbake til Den arabiske halvøy, skriv Thorbjørnsrud. For det var ein gong både kristne, kyrkjer og biskopar på denne halvøya. Det tok likevel ikkje lang tid etter islam dukka opp, før kyrkja var borte herifrå. I vår tid har så desse oljefinansierte landa gjort seg avhengige av mange millionar gjestearbeidarar for at økonomien og dagleglivet skal gå rundt. Av desse er det òg mange kristne, og Thorbjørnsrud reknar med at det er tre-fire millionar kristne på den arabiske halvøya (s. 215).

Av landa i Arabia har Thorbjørnsrud valt å sjå særleg på sultanstyrte Oman og på Emiratane, ei statsdanning som er sett saman av sju lilleputtland styrte av kvar sin emir. På mange måtar teiknar Thorbjørnsrud eit bilete der kristendommen blømer i desse statane. Fulle kyrkjer, ein flora av kyrkjesamfunn og aktive kyrkjelydar som dekkjer eit spekter av behov hjå dei som går der. I fleire tilfelle er det gode kontaktar mellom kyrkjeleiarar og lokale herskarar. Samstundes er det grenser for fridomen. Velvilje frå lokale herskarar og byråkratar trengst om ein skal få reist eit kyrkjebygg. Og dei fulle kyrkjene viser vel ikkje berre at det er mange kristne gjestearbeidarar, men òg at det er vanskeleg å få byggja eller leiga nok lokale. Trass i dette, og liknande utfordringar, er det lett å la seg overraska av eit så aktivt og tydeleg ikkje-muslimsk innslag i samfunnet. Grunnen er nok delvis at vi speglar desse landa mot det største landet på halvøya, Saudi-Arabia. Landet som fløymer av olje og intoleranse, og der andre religiøse uttrykk enn dei muslimske knapt blir tolt. Målt opp mot denne standarden er det ikkje tvil om at både Oman og Dei sameinte arabiske emiratane er opne og tolerante mot gjestearbeidarar med ein annan religion.

Gjestearbeidarar og borgarar
Og det er gjestearbeidarane Thorbjørnsrund skriv om, ikkje borgarane i landet. Gjestearbeidarane er ei stor gruppe i dette området. I Emiratane bur det langt fleire utanlandske borgarar enn innfødde emiratarar. I Oman er den importerte arbeidskrafta i mindretal, men likevel ei stor gruppe. Uansett, det er gjester dei er, utan borgarrettar, og dei kan når som helst sendast ut av landet. Thorbjørnsrud finn ei blømande kyrkje, som riktig nok møter ein del barrierar. Begge delar er sjølvsagt viktig å få fram. Det er i seg sjølv fascinerande at ein på den arabiske halvøya kan gå inn i stappfulle kyrkjer av tilbedande kristne. Den arabiske halvøya har ein spesiell status i og med tradisjonen frå ein av hadith-ane som seier at i dette området skal det berre vera ein religion (islam). Og den saudiske stormuftien oppmoda i 2012 om å øydeleggja alle kyrkjer på den arabiske halvøya (s. 221). 

Herskarane i nabolanda har altså ikkje følgd denne oppfordringa. På den andre sida er avgrensingane tydelege. Her er det ingen menneskerett å byggja gudshus, det kviler på velvilje frå herskaren (og eventuelt sympatiske byråkratar). Helst skal kyrkjene heller ikkje sjå ut som kyrkjer. Og i Oman har styresmaktene stramma inn, slik at det no ikkje lenger er lov å samlast i husgrupper. Religionsfridom slik vi oppfattar ordet, er det altså ikkje i desse landa. Men på den andre sida, Oman og Emiratane er tydelegvis langt betre stader for religiøse minoritetar enn det store grannelandet Saudi-Arabia. Og kyrkjene tilbyr fellesskap og hjelp langt utover det å feira gudstenester. 

Eit perspektiv saknar eg likevel i drøftinga av dei kristne gjestearbeidarane. Sjølv om arbeidsinnvandrarane og borgarane dels lever i parallelle samfunn, må det oppstå mange kontaktpunkt mellom gjester og borgarar, m.a. der kristne migrantar arbeider som hushjelper. Korleis er erfaringane frå desse møta mellom folk frå ulike religionar? Skiftar nokon tru - frå islam til kristendom, frå kristendom til islam? Konvertering frå islam vil vera svært problematisk i dette området. Og spørsmålet heng sjølvsagt i lufta etter å ha lese artikkelen til Thorbjørnsrud: Har eigentleg kristendommen festa røter i desse områda, eller forsvinn kristendommen heilt om gjestearbeidarane må reisa att?



Ettertankar
Dette er på ingen måtar ei alarmistisk bok. Her blir situasjonen vurdert med eit roleg akademisk blikk. Likevel legg boka til grunn at det er ein reell fare for at denne regionen kan bli tømt for kristne.

For min del er denne boka òg ei påminning om to store spørsmål, det eine til kristne og det andre til muslimar.

For det første minner ho oss kristne om noko som vi kanskje ikkje er så glade i å tenkja på. Vi trur på siger gjennom nederlag, og likar forteljingar om vekst trass forfølging. Men undertrykking og forfølging kan føra til det motsette av vekst, slik også historikaren Philip Jenkins peikar på i boka The Lost History of Christianity. Kristendommen oppsto i Midtausten og voks seg stor og sterk på eit par, tre hundre år trass i motstand og periodar med harde forfølgingar. Men seinare kom islam, som erobra og dominerte samfunnet. Det greidde ikkje kristendommen å stå imot. Tapre og trufaste kristne har halde fast på trua heilt fram til i dag. Men ekspansjonens og misjonens under kom ikkje. Kyrkja har vore, og er, på vikande front i dette området - så langt vi kan sjå. Det heile synest fjernt frå t.d. den enorme kristne ekspansjonen i Kina, som kom trass forfølging, og som blir beundra og feira av kristne over alt i verda.

For det andre sit eg med eit spørsmål til muslimar. Viss trua deira er så sann og heilag som dei hevdar, kvifor må dei muslimske landa i Midtausten halda nede og undertrykka minoritetar med ein annan religion? Særleg prekært blir dette i spørsmålet om konvertering, som i fleire av desse landa kvalifiserer for dødsstraff. Om den strenge straffa ikkje blir praktisert av staten, kan det henda at folkemobben tek saka i eigne hender. Og om ingen av desse tinga skjer, må både lover og haldningar skapa eit uhyre sterkt press mot den enkelte sin klare menneskerett til å skifta religion. Korleis kan det ha seg at ein religion som skal vera sann og edel, må støtta seg på krykkene dominans og vald? Eg forstår at muslimar blir trøytte av alltid å konfronterast med eit krav om å "ta avstand" frå meiningar og gjerningar som blir framførte i islams namn. Men eg ønskjer meg muslimske leiarar som står fram og seier: "Du kan fritt konvertera, også frå islam til ei anna tru eller eit anna livssyn. Du skal kunna stå fram offentleg med di nye tru, òg i samfunn der islam er den dominerande religionen. Vi støttar ikkje valet, vi trur du tek feil - men ingen skal skada deg på liv og helse for det valet du har gjort".



(1) Sitert etter De kristne i Midtøsten (Cappelen Damm, 2015), s. 254.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar