lørdag 23. januar 2016

Mariekjeks - ein tørr suksess

Frå eit hotellrom i Spania. Her heiter det
sjølvsagt "María" (Foto: Arve Kjell Uthaug)

Nest etter eit ordrikt og føremålslaust byrakatisk rundskriv er Mariekjeks det tørraste som finst. Legg dei på eit fat saman med andre kjeks, og Mariekjeksa er det siste du ser forsvinna.

Likevel bør ein ikkje vera for hard med dette bakverket. Denne tørre vesle brikka blir laga av mange ulike produsentar - det er fritt fram for kven som vil, namnet er ikkje beskytta. Engelsk Wikipedia listar opp ei lang rekkje produsentar i ulike land og frå alle verdsdelar. 

Ikkje minst er historia bak desse kjeksa interessant. Kjeksa er oppattkalla etter Maria, dotter av den russiske tsaren Aleksander II. Denne Maria vart gift med nesteldste sonen av sjølvaste dronning Victoria, hovudet for det mektige britiske imperiet. Alfred heitte han, forresten. Maria var ei populær dame. Den britiske avisa The Independent skriv at ho "was a sort of Diana of her day, so much of a sensation that the famous British bakery Peek Frean decided to create a new biscuit to celebrate her marriage into the British royal family in 1874." Dermed var det heile i gang, og Mariekjeksen spreidde seg til ulike land og produsentar. For utbreiinga var det neppe ei ulempe at kjeksen bli oppfunnen i hovudstaden av eit verdsrike. 

Tørr og tvert igjennom ueksotisk er han likevel, denne kjeksen. Det er ikkje til å koma frå. Det har likevel ikkje hindra han frå å verta ein internasjonal suksess. Og det ligg altså ei kongeleg historie bak. 

Hugs å ta ein mariekjeks neste gong han dukkar opp på bordet. Vis litt respekt.




 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar