mandag 5. oktober 2015

Kule ord (21): eingongani

Ingen eingongani utan fotball
(foto: Christopher Bruno, Wikimedia Commons).
I min barndom hadde vi ein balleik vi kalla "eingongani". Ein litt stor asfaltplass inntil ein solid murvegg var perfekt for gutar som ville spela eingongani. Asfaltplassen attmed Gundersen & Moldestad i Åsane gjorde nytten for oss. To eller fleire kunne vera med på leiken, og vi trong ein fotball. Førstemann sparka ballen i veggen. Nestemann skulle deretter sparka ballen tilbake i veggen utan å vera borti (ani) ballen meir enn ein gong. Det var altså ikkje lov å først dempa fotballen og så sparka han i veggen - då var ein ani to gonger. Det var heller ikkje lov med to spark for å nå fram til veggen.

Slik er det i alle fall eg hugsar reglane. Kanskje kan leiken og reglane ha variert litt.

Denne balleiken ser ut til å finnast framleis. I eit elevrådsreferat som ligg på nettet, ønskjer elevane å
få lov å spille ”En gang ani” på plassen mot Kalvebingen. Det står ikkje årstal på referatet, men så mange år gamalt kan det ikkje vera. Og det kan sjå ut til at det er elevrådet på Flaktveit skole som står bak referatet. I så fall er det berre nokre fotballspark frå der eg vaks opp.

Det siste leddet i eingongani - nemleg ordet ani - er interessant. Å vera ani noko er det same som å vera borti. Ani ser ut til å vera eit bergensord, og ein artikkel i bladet Språknytt frå 1992 meiner å vita at det er sett saman av den tyske preposisjonen "an" og den norske "i". Ordet er ikkje med i korkje Norsk Ordbok, Nynorskordboka eller Bokmålsordboka. Det tyder på at bruken ikkje er særleg utbreidd geografisk.

Skal tru kva dei kallar eingongani andre stader i landet. Denne balleiken må vel finnast andre plassar enn berre i bergensområdet?

1 kommentar:

  1. Eg kan melde om å ha brukt det som godt mogeleg er eit tresifra tal timar på å spele "Ett-spark-på-ballen". Dette var identisk med "eingongani" som eg brukte mange timar på når eg var på ferie i bergensområdet.

    SvarSlett