mandag 10. august 2015

Sjølvbestemt død

The Economist ser det som ein rett 
å kunna velja aktiv dødshjelp.
Ein nesten identisk artikkel er publisert på Minervanett.

Kampen for aktiv dødshjelp er på frammarsj. Samstundes er det ein sterk vekst i bruken av dødshjelp i pionérlanda Nederland og Belgia. Ikkje berre dødssjuke, men òg demente og psykisk sjuke får ein legeassistert død. Vil vi gå denne vegen?

The most determined people do not always choose wisely, no matter how well they are counselled. But it would be wrong to deny everyone the right to assisted death for this reason alone. Competent adults are allowed to make other momentous, irrevocable choices: to undergo a sex change or to have an abortion. People deserve the same control over their own death. Instead of dying in intensive care under bright lights and among strangers, people should be able to end their lives when they are ready, surrounded by those they love.

På engelsk snakkar ein gjerne om "the right to die", retten til å døy. Det var òg tittelen på framsida av The Economist nyleg. Sitatet ovanfor er henta frå leiarartikkelen i bladet, som argumenterer for retten til å råda over sin eigen død. Særleg presist er ikkje uttrykket. Døy gjer vi nok alle, på den eine eller andre måten, same kva samfunnet måtte ha av lover for eller imot eutanasi og assistert sjølvmord. Retten blir med andre ord oppfylt utan at vi treng å løfta ein finger. "Death with dignity" er eit slagord som seier litt meir, nemleg at dette for nokon handlar om det dei ser som ein verdig død. Samstundes har uttrykket ei bakside sidan det kan skapa eit bilete av at for visse grupper menneske blir det meir verdig å velja døden enn å leva vidare. Kanskje burde vi sjå oss over skuldra for å finna dei rette orda, til ei anna sak som handlar om liv og død. "Fri død" er kanskje ikkje så godt, og "fri dødshjelp" gjev assosiasjonar til fri i tydinga gratis, som i gratis rettshjelp. "Sjølvbestemt død" treff derimot betre. Faktisk passar det langt betre å snakka om "sjølvbestemt" her enn i abortspørsmålet, der det jo handlar om å velja liv eller død for eit anna menneske.

På frammarsj
I diskusjonen om sjølvbestemt død er det to ulike variantar av legeassistert drap, eller legeassistert død, som blir diskutert. Begge delar kan kallast aktiv dødshjelp: Ved eutanasi er det legen som avsluttar pasientens liv gjennom å gje ein dødeleg giftdose. Nederland og Belgia har ei slik ordning. Ved assistert sjølvmord får pasienten hjelp til å ta sitt eige liv, og gjerne ved at legen skriv ut medikamentet. Staten Oregon i USA og Sveits har ei slik ordning.

Aktiv dødshjelp er ulovleg nesten overalt i verda. Det finst likevel nokre få land og ei handfull amerikanske statar som har gjort slike ordningar lovlege. Her varierer sjølvsagt regelverket frå land til land, og stort sett har legaliseringa skjedd frå slutten av 1990-talet og fram til i dag. Sveits skil seg ut sidan assistert sjølvmord har vore lovleg sidan 1942. I Nederland er heller ikkje praksisen ny, men staten vende lenge det blinde auga til. Først i 2002 vart dødshjelp lovleg i Nederland, og Belgia følgde like etter. Nokre år seinar legaliserte det vesle nabolandet Luxemburg. I USA er det nokre få statar som har opna for assistert sjølvmord. Oregon var først ute, og er best kjent. I Sør-Amerika har Colombia opna for legeassisert død.

Kampen for aktiv dødshjelp er på frammarsj. I ei rekkje europeiske land og amerikanske delstatar er det lovframlegg eller rettssaker som vil opna for dødshjelp. Meiningsmålingar viser at fleirtalet av veljarar i ei rekkje land støttar legeassisterte drap i visse tilfelle. Og journalistane formidlar historier om menneske som får hjelp til å døy. Amerikanske Brittany Maynard (29), som hadde hjernekreft, drog frå California til Oregon for å få hjelp av lege til å ta sitt eige liv. Merksemda frå media var enorm, og Maynard engasjerte seg i kampen for legeassistert død. Saker om lidande som reiser frå m.a. Storbritannia til sjølvmordsklinikk i Sveits for å få hjelp til å avslutta livet, har òg fått stor merksemd.

Råderett over eigen død

Forsvararane av legeassisterte drap ser ut til å meina at dette har gått bra så langt, og at ting er under stødig kontroll i dei landa og statane der ordninga er innført. Leiarartikkelen i the Economist legg hovudvekta på enkeltmenneske sin sjølvråderett. Ikkje berre dødssjuke, men andre med må få velja dødshjelp. Rett nok er bladet tilbakehalden når det gjeld born, men dei psykisk sjuke og andre vaksne må kunna få velja sjølv: "The criterion for assisted dying should be a patient's assessment of his suffering, not the nature of his illness."

Vi andre må spørja oss om vi ønskjer ei slik utvikling av samfunnet, der spørsmålet om liv og død blir privatisert og der legane våre skal veksla mellom å gje gift og livbergande hjelp.

Kraftig vekst

I det moralske hierarkiet til ein del liberalistar ser autonomien ut til å stå høgare enn tanken om at livet er heilagt. Meiningsmålingane tyder på at mange deler ein slik tankegang når det gjeld avslutninga av livet. Samtidig er det nok mange som ikkje ønskjer å gå like langt som bladet The Economist når det gjeld kriteria for dødshjelp. Det er heller ikkje uvanleg at tilhengjarane av aktiv dødshjelp, kanskje med eit letta sukk, viser til at få vel denne måten å avslutta livet på der ordninga er innført. Argumentet er interessant, for det minner oss om at det finst ei forestilling òg hjå tilhengjarar av legeassisterte drap om at ordninga bør bli minst mogleg brukt. Parallelt med ønsket om sjølvråderett ser det ut til å finnast ei uro for at mennesket skal velja "feil". 

Staten Oregon i USA blir gjerne trekt fram som eit argument for at svært få vil velja å avslutta livet på denne måten. Det stemmer at talet er lågt i Oregon, 71 personar tok sitt eige liv med assistanse frå helsevesenet i 2013. Men det stemmer òg at statistikken, med små svingningar, har vist vekst heile vegen frå ordninga vart innført på slutten av 90-talet. Staten Washington, der ordninga med assistert sjølvmord er nyare, har eit lågt, men kraftig veksande tal.

Men vi har òg andre erfaringar med legeassistert død, der tala er langt meir dramatiske.I Nederland og Belgia, der praksisen er mindre streng enn i Oregon, har aktiv dødshjelp vore lovleg sidan 2002. I Nederland hadde som nemnt praksisen vore tolerert ei årrekkje før lovendringa. Etter legaliseringa ser det ut til at dødshjelp ikkje vart meir brukt, men det vart faktisk registrert ein nedgang dei første åra. Så har det snudd. Ser ein på den offisielle statistikken for siste femårsperioden (2009-2013), veks talet med om lag 15 prosent kvart einaste år, og i 2013 vart 4 829 menneskeliv avslutta gjennom aktiv dødshjelp i Nederland. I Belgia har talet stige med 89 prosent på fire år, til 1807 i 2013. Sveits har ei ordning som minner om Oregon, med legeassistert sjølvmord. Landet er blitt kjent for den såkalla "sjølvmordsturismen", der personar frå andre land dreg til klinikkar i Sveits for å avslutta livet. Talet på sveitsarar som vel legeassistert sjølvmord, er ikkje høgt, men det er i vekst

Nye grupper
Kvifor gav Nederland dødshjelp til nesten fem tusen menneske i 2013? Den klart største gruppa, nesten 3600 personar, fekk dødshjelp avdi dei var kreftsjuke. I tillegg var det ei rekkje andre årsaker. To av desse er særleg viktige å merka seg. Heile 42 personar fekk dødshjelp fordi dei leid av alvorleg psykisk sjukdom. Det tilsvarande talet var 14 i 2012 og 13 i 2011. Demens var  grunngjevinga for 97 tilfelle, ifølgje Dutch News, som legg til at det stort sett var tale om demens i eit tidleg stadium der pasienten greitt var i stand til å kommunisera eit ønske om å døy.

Belgia har dei siste åra kome i søkjelyset for å la praksisen med dødshjelp gå svært langt:

I fjor vedtok landet å opna for dødshjelp for born utan nedre aldersgrense. Sjølvsagt med særleg strenge krav. Men, som erkebiskopen av Brüssel peikte på: "The law says adolescents cannot make important decisions on economic or emotional issues, but suddenly they've become able to decide that someone should make them die."

Hausten 2014 fekk ein belgisk seksualforbrytar og drapsmann godkjent ønsket sitt om dødshjelp. 

Ei 44 år gammal transseksuell kvinne fekk i 2013 avslutta livet gjennom aktiv dødshjelp etter å ha gått gjennom fleire mislukka kjønnsskifte-operasjonar. 

Tvillingane Marc og Eddy Verbessem, 45 år gamle, var fødde døve. Etter at dei fekk vita at dei òg ville bli blinde, ønskte dei dødshjelp. Ifølgje The Telegraph var dei "frightened of losing their independence in an institution and had "nothing to live for"".
Og i Belgia fekk dei innvilga dødshjelp.

Lista frå Belgia kan gjerast lengre. Både Nederland og Belgia opplever altså ein kraftig auke i bruken av aktiv dødshjelp. Ordninga er i Belgia blitt utvida til å gjelda born, utan nedre aldersgrense. Dødshjelp blir heller ikkje gitt berre til menneske med sterke fysiske smerter og kort tid att å leva. Ordninga er tvert om blitt opna for grupper som psykisk sjuke og demente. Professor Theo Boer er medlem av ein av dei fem regionale komiteane som har tilsyn med bruken av aktiv dødshjelp i Nederland. Han er skremt av den utviklinga han har sett, og i fjor skreiv han ein artikkel der han åtvara britane mot å gå same vege:

I used to be a supporter of the Dutch law. But now, with twelve years of experience, I take a very different view. At the very least, wait for an honest and intellectually satisfying analysis of the reasons behind the explosive increase in the numbers. Is it because the law should have had better safeguards? Or is it because the mere existence of such a law is an invitation to see assisted suicide and euthanasia as a normality instead of a last resort? Before those questions are answered, don’t go there. Once the genie is out of the bottle, it is not likely to ever go back in again.


Dobbeltkommunikasjonen
Som utviklinga i Nederland og Belgia viser, er det vanskeleg å setja grenser for bruken av aktiv dødshjelp. Kven skal bestemma at smertene er "utolelege", og er ikkje psykiske smerter like reelle som fysiske? Det finst mange som slit med store og langvarige psykiske problem også i vårt land. The Economist ønskjer at det skal vera eit alternativ for desse å få aktiv dødshjelp. Men korleis vil det vera for ein person t.d. tidleg i tjueåra som slit med alvorleg psykisk sjukdom, å vita at det helsevesenet som prøver å hjelpa deg å meistra livet, òg har ei bakdør som tilbyd legeassistert død?

Eller ein kan prøva å tenkja seg inn i situasjonen til eit eldre menneske med byrjande demens. Minnet sviktar. Stadig meir av det du fekk til før, glir ut av rekkjevidde. Og du veit at sjukdomen ikkje stoppar på det stadiet han er no. Vi veit òg at mange eldre slit med depresjon. Det er ein veldig dårleg ide å opna for legeassistert drap. Heller må samfunnet og enkeltmenneske satsa alt på eitt kort: gjera livet best mogleg for den som har demens, leggja til rettes for dei gode stundene, rett og slett vera eit menneske som bryr seg, og eit samfunn som tek vare på dei svakaste.

I tillegg til den utviklinga vi allereie ser i Nederland og Belgia, kjenner vi ikkje dei langsiktige konsekvensane av å legalisera aktiv dødshjelp. Slik eg oppfattar det, har bruken av dødshjelp allereie på  dramatisk vis flytta ein del grensesteinar. Likevel er legalisert dødshjelp ei svært ung ordning i desse landa, mindre enn femten år gammal. Ordningane i Sveits og staten Oregon er litt annleis og meir resriktive. Færre avsluttar livet ved hjelp av legen, men talet er likevel stigande begge plassar - som det er det i Belgia og Nederland. Dei meir langsiktige konsekvensane av å gjera legeassisterte drap til ein del av helsetenestene kan vi eigentleg berre gissa på.

Livet er heilagt
Sjølv om det er vanskeleg å setja grenser for eutanasi og assistert sjølvmord, kan ei lovgjeving vera meir eller mindre streng. Dei som forsvarar legalisering, bør byrja med å fortelja kva prinsipp som er overordna for dei. Det vil gjera debatten ryddigare. Er det slik at sjølvråderetten trumfar livet, slik det er for the Economist? Dette er ei konsekvent tenking som gjev den enkelte rett til å bestemma over eigen død. Samfunnet må bøya seg for enkeltmennesket sin vilje, og det blir vanskeleg, kanskje også prinsipielt feil, å nekta vaksne menneske legeassistert død. Eller er det slik at det ikkje er den enkelte si oppleving som er avgjerande, men at samfunnet framleis skal vera formyndar og seia at nokre liv er ille nok til å avsluttast, andre er det ikkje. I så fall kan det bli ein tung jobb å forklara kven vi skal formynda over, og kven som skal få bestemma sjølve i dette spørsmålet. 

Det gode alternativet er tradisjonen frå Hippokrates og kristen tenking: Livet er ukrenkeleg fordi det er heilagt. Legeassistert drap er gale. Samfunnet og helsevesenet skal hjelpa, lindra og ta vare på folk. Eit helsevesen som skal arbeida mot sjølvmord, skal ikkje på same tid administrera sjølvmord eller anna dødshjelp. Ingen skal vera i tvil om at helsevesenet berre har livet, og eit så godt liv som mogleg, som mål. Ei slik oppfatning er naturleg der kristen tenking om menneskelivet ligg til grunn for lovverket i samfunnet: Gud har skapt oss, og det er berre han som har rett til å ta livet tilbake. Dette set grenser for både staten, andre menneske og den enkelte sjølv. Ikkje ein gong vi sjølve har rett til å bestemma over vår eigen død.

Spørsmålet er om dette synet kan haldast oppe i eit etterkristent vestleg samfunn. Det finst gode eksempel på at folk som reknar seg som ikkje-religiøse, vel den livsvernande tradisjonen frå Hippokrates i synet på dødshjelp. Vi får håpa at òg desse ikkje-religiøse grunngjevingane har berekraft framover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar