lørdag 22. august 2015

Ei familiehistorie frå forfølginga av syrianske kristne

Frå byen Midyat (biletet) flykta folk til landsbyen Ayn-Wardo.
(Foto: TobiasGr, Wikimedia Commons)
I år er det hundre år sidan folkemordet på armenske og syrianske kristne i Tyrkia. Det var starten på ei utviklinga som førte til at dei kristne folkegruppene - som ein gong var så talrike - kan teljast i promille i dagens Tyrkia.

Ofte kan den gripande historia til eit menneske eller ein familie gje den beste innsikt i ein slik tragedie. Anders Q Björkman i Svenska Dagbladet gjev eit godt eksempel på dette i artikkelen han har skrive om korleis tragedien tidleg på 1900-talet endra framtida for familien til kona hans. Sentralt står motstandskampen i den vesle byen Ayn-Wardo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar