torsdag 8. januar 2015

To tankar etter Charlie Hebdo

Religion og satire, ikkje alltid ei heilt enkel sak
(http://wellcomeimages.org/, henta frå
Wikimedia Commons).
Etter terroren mot det fanske satiriske magasinet Charlie Hebdo og drapa av tolv menneske er det naturleg med både sinne, sorg og diskusjon. Attentatet reiser minst to store spørsmål som samfunnet vårt vil møta igjen og igjen i åra som kjem.

For det første, korleis vil vi møta den trangen til dominans og viljen til å bruka vald som finst i fleire islamistiske grupper og miljø? Det finst dei som seier at hendinga i Paris ikkje har noko med islam å gjera, men det er feil. Magasinet Charlie Hebdo har aust sin kvasse satire også ut over andre grupper, slik som den katolske kyrkja. Men kor er det blitt av dei katolske terrorgruppene som trengjer seg inn i franske redaksjonar med våpen i hand? Ugjerninga i Paris er ikkje muslimar flest sitt ansvar. Fredelege muslimar fortener den same respekten som alle andre menneske av god vilje. Men det går ikkje an å lata att augo for den uhyggelege religiøse valden som blir gjennomført av islamistiske grupper rundt om i verda. Boko Haram slaktar menneske og bortfører skulejenter i Nigeria. Islamistiske terroristar plukkar ut og drep kristne i Kenya. Islamsk stat gjennomfører bestialske drap og tek sexslavar i Syria og Irak. Mobben i Pakistan tek lova i eigne hender og drep menneske som har vore klaga inn for blasfemi. Igjen, dei fleste muslimar gjer ikkje slik. Men dette skjer likevel i vår eiga tid og i islams namn. Drapsmennene frå Paris skal få ei rettferdig rettssak, og det er mykje vi framleis ikkje veit. Men dei ropte "Allahu Akbar" då dei storma inn i lokalet. Muslimar flest har ikkje ansvaret for dette. Men muslimar flest har ansvaret for å ta ein diskusjon om den lange tradisjonen for dominans og undertrykking som ikkje minst minoritetar i Midtausten har opplevd i mange hundreår, og som i vår tid blir importert til Vesten og får valdelege utslag gjennom nokre ekstreme grupper. Her kan dei heller ikkje unngå å ta opp synet på konvertering frå islam.

Men det er òg eit anna spørsmål som bør drøftast av politikarar, mediefolk og andre som står nært mikrofonen i dei vestlege samfunna. Vi vil ha vid ytringsfridom, vi vil ikkje ha førehandssensur. Men kva meiner vi er ein anstendig debatt? Er det i seg sjølv eit gode å krenka det andre menneske held heilagt? Går det an å føra ein betre og meir respektfull debatt, og kanskje oppnå meir, utan å bruka krenkinga som rambukk? Ja, det er sant at mange er forbløffande lett å krenka, og mange søkjer seg eit trygt vern i offerrolla - den blir brukt av både religiøse grupper og mange andre i samfunnet vårt.  Sjølv om det kan vera nødvendig å krenka, kanskje særleg dei som mest aktivt brukar offerrolla, bør det ikkje vera eit ideal i den offentlege debatten. Dessutan må det vera lov å stilla kritiske spørsmål til satiren. Nazistane sine antisemittiske teikningar frå mellomkrigstida var satire. Ein del av denne satiren finn ein i karikaturteikningar i arabiske land den dag i dag. 

I vår eige vesle hjørne av verda er situasjonen litt annleis. Men det blir jo litt påfallande når norske satirikarar kan herja med kristendommen (det må dei få lov til), men samstundes vedgår at dei ikkje vågar å behandla islam på same måten. Det er på ein måte ærleg at ein seier det som det er. Samstundes er det tankevekkjande. Ein satire som hånar det andre menneske er glade i, men som ikkje vågar å gå laus på dei ein fryktar kan "slå hardt tilbake", har visse fellestrekk med mobbaren i skulegarden, ikkje berre med samfunnskritikaren.

Men det franske satiremagasinet ser ut til å ha våga slå i mange retningar. Uansett kva ein måtte meina om satiren i dette bladet - eg meiner lite, for eg kan ikkje fransk - fortener både dei drepne og dei som lever vidare, vår største vørdnad.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar