søndag 28. desember 2014

Out of the Silent Planet

Planeten mars, eller Malacandra (Foto: NASA, STScI, ESA,
frå Wikimedia Commons).
Forfattaren C.S. Lewis skreiv innanfor mange ulike sjangrar, både fiksjon og faglitteratur. Mange kjenner han òg som ein dyktig forsvarar av kristen tru. Når det gjeld bøkene hans, er det utan tvil barnebøkene om Narnia som er dei best kjende. Her let han ei lita gruppe engelske born snubla meir eller mindre tilfeldig inn i ei ny og ukjend verd med dyr som snakkar, strid mellom dei vonde og dei gode kreftene og løva Aslan som bind det heile saman. Men han skapte ikkje berre litterære fantasiverder for born. I The Space Trilogy skriv han science fiction for vaksne.

Eigentleg har science fiction-sjangeren aldri tiltalt meg, og det heng nok saman med manglande entusiasme for teknologisk utvikling. Fordommane seier meg at det blir for mykje metall, matte, fysikk, knappar, formlar og ingeniørgreier. Men ei god historie er vel ei god historie også om ho viser seg fram som science fiction. Og når det er Lewis som skriv slik litteratur, må det vera eit forsøk verd å lesa. Ein litteraturvitar med sterk kjærleik til klassisk danning og gammal mytologi kan vel ikkje enda opp med nasen heilt trykt ned i eit blinkande kontrollpanel.

Det gjer han ikkje. Så langt har eg berre lese Out of the Silent Planet, som er den første av dei tre bøkene i The Space Trilogy. Boka kom ut i 1938, i ei tid då Europa var prega av nazisme og kommunisme, og kontinenten sto på trappene til den andre verdskrigen. Utforskinga av verdsrommet var kome langt kortare enn i dag. Den første månelanding var framleis science fiction, og det skulle gå over tretti år til menneske tok dei første stega på månen. Hovudpersonen i boka er språkforskaren Ransom. Han brukar friperioden mellom semestera på universitetet til å vandra rundt i England. På leit etter husly for natta kjem han i kontakt med ei mor som er engsteleg fordi sonen ikkje er komen heim til rett tid frå arbeidet hjå naturvitskapsmannen Weston og lukkejegeren Devine. Dei to held til i ein hus ikkje så langt unna. Vår mann, Ransom, føler han bør hjelpa mora. Han lovar å stikka innom og spørja etter guten. Når han kjem fram, er porten inn til huset stengd. Ransom føler ansvar for å halda lovnaden sin, og trengjer seg inn gjennom hekken. Han ringjer på døra, men ingen kjem ut. Så høyrer han lydar frå andre sida av huset, støy frå noko som tydelegvis er ein ubehageleg situasjon. Ransom kjenner det som ei plikt å undersøkja, så han går rundt til andre sida av huset. Dermed er vi i gang, og hovudpersonen snublar inn i eit romeventyr med besøk til ein annan planet med intelligent liv.

Eg har berre lese boka ein gong, så dette er ein rapport frå eit førsteinntrykk. Forteljinga er enkel å følgja. Persongalleriet er heller ikkje komplisert, sjølv om forfattaren introduserer fleire slags skapningar som ikkje er kjende frå jorda. Forteljinga er slett ikkje utan humor. Men den som først og fremst søkjer dramatikk og spenning, har ikkje funne den optimale boka i Out of the Silent Planet. Ikkje det at boka er kjedeleg, men ho er ikkje først og fremst ein thriller. Det er ikkje ein kritikk av boka. Derimot kan ein spørja seg om boka er for «preachy», om forteljinga blir for styrt av at forfattaren ønskjer å formidla til oss tankar om dei store spørsmål i livet. Den kristne tenkjaren Lewis skaper planeten Malacandra som fullt ut let seg plassera inn i eit kristent verds- og gudsbilete. Det skal ein kanskje ikkje klandra han for, det er jo eit naturleg val. I tillegg spelar dialogen mellom Weston og herskaren over planeten ei stor rolle. Eg oppfattar Weston som ein slags sosialdarwinist. Dialogen mellom han og herskaren over Malacandra er både underhaldande og full av gode poeng. Samstundes blir ting litt overtydelege. Den gode herskaren mot den sjølvsikre, men stotrande (dialogen går på malacandrisk) sosialdarwinisten blir litt for lett match. Etter mi oppfatning står tenkjaren Lewis her litt i vegen for historieforteljaren Lewis. Han står for alle dei gode og rette synsmåtane, og han formulerer det med vidd og eleganse, men ting blir litt for tydelege.

Når det er sagt, så er boka absolutt verd å lesa. Lewis er genial når han tilsynelatande enkelt skriv fram ei heilt ny og ukjend verd. Denne gongen er ikkje den nye verda i vondskapens grep, ein stad der det alltid er vinter og aldri jul. Denne gongen kjem vondskapen frå menneskeverda til den harmoniske planeten Malacandra. Out of the Silent Planet viser oss òg den opne Lewis: Han let det vera liv i verdsrommet, han let dette livet på mange måtar vera visare og klokare enn menneska frå jorda, vesena på Malacandra viskar delvis ut grensene mellom dyr og menneske (ikkje heilt ulikt Narnia), samstundes som dei heilt og fullt er våre likemenn og –kvinner. Lewis opnar opp for ein rikdom som bør gjera lesaren litt meir audmjuk. Han skisserer eit univers der menneska ikkje nødvendigvis er dei klokaste og beste, og der i alle fall dei motetankane som Lewis sjølv mislikar, ikkje kjem ut som særleg smarte.

Ut frå den rolla Lewis gjev dyra i Narnia og dei intelligente, ikkje-jordiske skapningane i Out of the Silent Planet, lurar eg på kva han eigentleg tenkte om kolonialismen og det britiske imperiet. Eg veit ikkje kva han tenkte om dette. Men i eit så tydeleg oppgjer med sosialdarwinisme og raseegoisme, ligg også kolonialisme-kritikken snublande nær. 




1 kommentar:

  1. Herleg! Eg trur du er for negativ til idelogkritikaren Lewis her. Men det som fascinerer meg mest både med denne boka og ikkje minst Perelandra, som er den beste av dei tre, er korleis Lewis skaper ein dynamikk mellom den ytre verda og mennesket, i ulike fasongar, sin påverknad og moglege påverknad. Eg underviste i Perelandra då eg var på Vytautas Magnus-universitetet i Kaunas, og det var forferdeleg kjekt! Du har kanskje lese ho no.

    SvarSlett