torsdag 18. desember 2014

Kule ord (14): bisn

Eit bisn i Vigelandsparken
(foto DimiTalen, Wikimedia Commons).
Dette er ikkje eit svært vanleg ord, og ikkje eit eg sjølv kjenner til frå daglegtale. Men både kort og godt er det. I følgje Nynorskordboka er eit bisn «noko forvitneleg eller underleg; særsyn, vedunder». Det kan òg vera ein person som alle bisnar på, ein raring. Verbet å «bisna» tyder å sjå på noko med nyfikne eller undring, eller det å glana og glo.
 

Ein av stadene eg har funne ordet brukt, er i moderne norsk omsetjings svar på ekstremsportveko, Eilev Groven Myhrens Ringdrotten, som er ei fargerike omsetjing av J.R.R. Tolkiens Lord of the Rings. Vi er heilt i starten av forteljinga, og hobbiten Bilbo skal be inn til gjestebod.

Bilbo var svært rik og svært særeigen, og han hadde vore det store bisnet i Heradet i seksti år, heilt frå han på forunderleg vis vart borte og uventa kom att.

Her overlappar vel ordet bisn temmeleg mykje med «snakkis». Og den som vil vita kvifor Bilbo hadde vore det store bisnet i Hobbitun alle desse åra, kan gå på kino og sjå den tredje filmen om Hobbiten.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar