søndag 30. november 2014

Ekstrem forvandling

Motstraums råd om sex og samliv (illustrasjonen er henta frå
logoen til nettsida www.guttogjente.no)
Det er interessant, og trist, å sjå kor kort vegen er frå rolla som uglesett utgruppe og sær minoritet til å gå inn i rolla der ein trøkker ned andre. I saka om nettstaden www.guttogjente.no, er det representantar for Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) og Human-Etisk Forbund (HEF) som ser ut til å gjennomført denne forvandlinga med dei beste stilkarakterar.

Folka bak nettstaden vil gje unge råd om samliv og sex basert på tradisjonell kristne moral. No er det ikkje mitt inntrykk at internett druknar i den slags. Men denne nettsida presenterer altså seg sjølv som ”en annerledes veledningsside om kropp, sex, forhold og identitet basert på Bibelens verdier”, og ein frårår m.a. sex mellom menneske av same kjønn. I det faglege rådet til nettsidene sit to teologar, ein familieterapeut, ei helsesøster og ein overlege. Det er særleg dei to siste av desse, ekteparet Weum, som får kritikk i ein artikkel på nrk.no. Styreleiar Tom Hedalen i Human-Etisk Forbund har rapportert ekteparet Weum inn til fylkesmannen i Troms. Leiar Bård Nylund i LLH meiner at det å vera offentleg tilsett helsepersonell ikkje harmonerer med den type råd som guttogjente.no gjev.

Skulle dei to få medhald, kan det føra til ei sterk innskrenking av ytringsfridomen. Helsepersonell har òg ytringsfridom. Dei har full rett til å engasjera seg på fritida med den kompetansen og den overtydinga dei har. Og det er vel framleis lov for helsepersonell, og for andre i det norske samfunnet, å meina at allminneleg kristen samlivsetikk er bra for både enkeltmenneske og samfunnet.

Mange media har fokusert på at homofile har det vanskeleg i delar av verda. Og, det er heilt rett, trøkket mot ekteparet Weum kan ikkje samanliknast med det mange homofile opplever rundt om i verda. Likevel gjev det grunn til ettertanke at nokon ser ut til å vilja snu opp ned på meinings-dominansen og servera han i norsk light-utgåve: Viss du som helsepersonell gjer deg til talsmann for tradisjonell kristen samlivsmoral, kan du få problem med fylkeslegen, og kanskje bør du finna deg ein annan jobb.

Eller har eg misforstått Nylund og Hedalen? Ingen ting ville i så fall vera betre.

Eg vil ikkje ha eit samfunn der helsepersonell må velja mellom ytringsfridomen og jobben. Og eg vil tru mange både humanetikarar og homoaktivistar ikkje berre ser den fine ironien i medieutspela frå LLH og HEF, men òg kjenner eit visst ubehag ved at deira talspersonar går inn i ei slik rolle.

Din tanke er fri, kjære helsearbeidar, men du bør kanskje ikkje uttrykka offentleg kva du trur.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar