tirsdag 16. september 2014

Skottland - There and Back Again?

På midten av 1990-talet var eg i Westminster Abbey i London. Der låg den gongen Stone of Scone, steinen dei skotske kongane og seinare dei felles britiske vart krona på. Steinen var ikkje stort å sjå til, men han hadde likevel stor symbolsk verdi. Etter den tid er kroningssteinen flytta tilbake til Skottland, landet har fått større indre sjølvstyre innanfor det sameinte britiske kongeriket, og nasjonalistpartiet er dei siste åra blitt den førande krafta i den heimlege politikken. Det siste steget i denne utviklinga er at skottane no skal røysta over fullt sjølvstende og dermed lausriving frå unionen med England, Wales og Nord-Irland. Mange skottar vil flytta den politiske suvereniteten same vegen som Stone of Scone. Frå London og heim til Skottland igjen.
 
Romarane reiste Hadrians mur i Nord-England
til vern mot folka nordanfrå. No vil mange skottar laga
ei grense - men ikkje ein mur - mot England
(foto: Arve Kjell Uthaug).
Om to dagar, torsdag 18. september, går skottane til valurnene for å røysta over fullt sjølvstende. Meiningsmålingane viser at folket er delt på midten. Ja-sida, dei som ønskjer fullt sjølvstende, har dei siste månadene henta inn det store forspranget unionsvenene har hatt. He er tre korte ettertankar før den store dagen.

Først om David Cameron. Det hender enkeltsaker blir så store at dei dominerer heile ettermælet til ein politikar. Tony Blair, New Labours frontfigur, har hatt invasjonen i Irak hengande rundt ettermælet sitt som ei fotlenke. Det kan henda dette vil bli vurdert annleis om nokre tiår, kva veit vi, men i dag fell skuggane frå Irak over heile ettermælet etter Blairs tid som statsminister. Skulle Cameron bli statsministeren som misser Skottland, er det kanskje dét han først og fremst vil bli hugsa for i ettertida. Eg trur neppe det vil vera rimeleg å klandra han. Men eg trur heller ikkje han ønskjer seg eit slikt ettermæle. Cameron kan koma til å setja djupe spor etter seg i britisk historie, spor han sjølv ikkje tenkte eller ønskte å setja då han tok over makta. Ikkje berre kan Skottland gå ut av unionen. Dersom det konservative partiet held fram i regjering etter neste val, har Cameron lova ei folkerøysting om fortsatt medlemskap i EU. Heilt utenkeleg er det altså ikkje at Skottland går ut av den britiske unionen og Storbritannia ut av EU – i Camerons regjeringstid.

For det andre viser den skotske debatten krafta som framleis ligg i europeisk nasjonalisme. Ein vanleg observasjon frå valkampen i Skottland er at den nasjonalistiske sida er prega av langt sterkare glød enn unionsvenene. Nasjonalisme er ei sterk kraft både på godt, og ikkje minst på vondt. Dersom Skottland riv seg laus frå the United Kingdom, skal det bli spennande å sjå om dette har konsekvensar for ønske om lausriving i Catalonia, Baskarland, det flamske Belgia og andre område.

For det tredje, og det er kanskje det viktigaste, viser britane at eit spørsmål om lausriving frå ein stat kan handterast sivilisert og utan vald. Mange vil nok seia at Storbritannia har eit betre utgangspunkt for å takla ein slik situasjon enn tilfellet er mange andre stader i verda. Kampen om lausriving er ikkje forsterka av ein religiøs og språkleg konflikt mellom storebror og veslebror. Nyare skotsk historie er heller ikkje prega av terrorgrupper, vald og bruk av militærmakt. Dette er ikkje Nord-Irland. Sjølv om det sikkert kokar over til tider med både skræmsler og fordommar, er dette ein strid med ord, kjensler og argument – ikkje våpen. Det tener både politikarane i Westminster, det skotske folket og den engelske naboane til ære at dei greier å handtera eit slikt spørsmål så ryddig og fredeleg. Vonleg er dette den viktigaste lærdommen som blir ståande att, anten skottane går vidare åleine eller dei held fram i unionen med engelskmenn, walisarar og nordirar.

 

Eg er ein av dei mange som beundrar den britiske blandinga slik vi kjenner henne. Ei kreativt og – stort sett – fredeleg samanfletting av tradisjonar og folk innanfor eitt rike. Det viktigaste er likevel at skottane sjølve får velja kva veg dei vil gå vidare, og at det blir gjort på fredeleg vis. Skulle eg tippa, ville eg optimistisk satsa på fortsatt union gjennom at nei-sida får 52.1 prosent av røystene og ja-sida 47.9. Fram til torsdags kvelden er den eine gissinga like god som den andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar