søndag 28. september 2014

Kule ord (12): mare

"Ei mara å slå maro" (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Dette ordet kan ha litt ulike meiningar, men det er jo regelen snarare enn unntaket når det gjeld ord. Ei av dei mindre kjende tydingane er knytt til grasvokster og slått. Vanlegvis slår bøndene graset to gonger kvart år: slåtten tidleg på sommaren og håslåtten («hånæ») seint på sommaren. Men eitt og anna året kan vekstperioden vera så lang og god òg på Strilelandet at graset blir slått ein tredje gong, i alle fall på nokre gardar. Kva heiter denne tredjeslåtten?

Her er det ordet mare kjem inn. Norsk Ordbok nemner at hokjønnsordet mare er kjent om tredjeslåtten nettopp i Nordhordland. Om denne bruken er kjent frå andre delar av landet, eller kor utbreidd bruken har vore i regionen nord for Bergen, veit eg ikkje. Heller ikkje trur eg så mange i Nordhordland no til dags kallar tredjeslåtten for «maro» eller «marå». Men ordet er ikkje blitt heilt borte. Og ein liknande, om ikkje heilt identisk, bruk har eg via andre fått referert frå to eldre karar som begge har drive gard - den eine er frå Austrheim, den andre frå Radøy. Begge desse bøndene kjende til ordet «mara» nytta om det graset som voks opp etter andreslåtten, men ikkje som namn på sjølve tredjeslåtten. Bonden frå Radøy presiserte at ordet oftast vart brukt om graset frå attlegg som var tilsådde om sommaren, og som altså spirer etter at håslåtten er ferdig. I dette tilfellet er det altså tale om ein "førsteslått på tidspunktet for tredjeslåtten", og det fenomenet var nok meir vanleg enn ein full tredjeslått.
Elles har eg òg høyrt ordet på Titland i Lindås. Og Arnt S. Brakstad har snakka med ein mann frå Holsnøy som kjenner ordet mara. Dette var ein vaksen mann, men ein mann med mange år att til pensjonsalderen. Eg gjev siste ordet til Brakstad:
Snakka med ein kar som sa at "da var ei mara å slå maro". Graset i tredjeslåtten var så mjukt og kort at det var vanskeleg å slå med ljå. Ein måtte ha ljåar som beit godt. Kan det liggja ei forklaring av ordet her?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar