fredag 8. august 2014

Kristne og yazidiar på flukt i Irak

Leiaren av Islamsk stat, Abu Bakr al Bagdadi
(Foto: Asimjaved96, frå Wikimedia Commons).
Gruppa Islamsk stat, tidlegare kalla ISIL eller ISIS, ser ikkje ut til å la seg stoppa så lett. Intoleransen til dei nye herskarane over store område i Irak og Syria, driv minoritetar som kristne og yazidiar på flukt. The Telegraph har møtt nokre av flyktningane frå den gamle kristne byen Qaraqosh. Det er nesten ufatteleg at nokre unge norske muslimar - som har fått leva i fred og dyrka si tru i det norske samfunnet - reiser og sluttar seg til denne brutale gruppa i Midtausten. Og det er vanskeleg å skjøna at verken den irakiske hæren eller dei kurdiske styrkane greier å stogga framrykkinga i Irak.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar