fredag 18. oktober 2013

"There are places I don't go"

Gudshuset i Capel Celyn (Foto: National Library of Wales)
Steinar Skauge har ein artig serie om drukna kyrkje på bloggen St. Isidors minne. Sidan alle bygningane så langt har vore aust for oss, eller svært langt vest (Venezuela), vil eg supplera med eit drukna gudshus frå det nære vestland. Frå landsbyen Capel Celyn i Wales.

Ein brite ville rett nok ikkje kalla dette for "a church", men "a chapel" - ei frikyrkje. I Wales voks det frå 1600-talet og utover fram fire sterke frikyrkjesamfunn utanfor den anglikanske kyrkja: kongregasjonalistane, baptistane, dei wesleyanske metodistane og ikkje minst dei kalvinistiske metodistane. Denne sterke dissentar-tradisjonen gav saman med dei store vekkingane Wales sitt religiøse særpreg. Fire parallelle frikyrkjer, og etter kvart nokre nyare samfunn i tillegg, har ornamentert walisiske dalar og åsar med gudshus i stein og mur. I dag står mange tomme, eller dei er tekne i bruk til andre føremål. Andre er framleis i bruk som kristne forsamlingslokale.

Eitt av dei står under vatn. Gudshuset - the chapel - i landsbyen Capel Celyn ligg i dag på botnen av ein kunstig innsjø, saman med skulen, postkontoret og gardane. Grunnen var at storbyen Liverpool trong vatn.

Sjølvsagt trong storbyen vatn. Eg har heller ikkje sett meg så mykje inn i kva for andre alternativ som fanst for vasstilførsle til Merseyside-byen. Men det som skjedde, skapte djupe sår. Eit lite lokalsamfunn der alle snakka walisisk vart fråflytta og lagt under vatn for at ein engelsk storby skulle få orden på vassforsyninga. Det skjedde i 1965. Protestane frå dei som budde i landsbyen, og frå andre i Wales, hjelpte ikkje. Organisasjonen Mudiad Amddiffyn Cymru prøvde seg med bombeaksjonar. Då slaget var tapt og den kunstige innsjøen vart offisielt opna, vart det observert menn frå Free Wales Army i uniform saman med demonstrantane. Mennene i uniform var likevel ei marginal gruppe, og væpna eller halvmilitære grupper har spela ei svak rolle i moderne walisisk nasjonalisme. Men Capel Celyn og dalen omkring vert hugsa. Det er ei stadig påminning for walisarar om kor makteslause walisarane var når den store naboen i aust trong noko.

Gravplassen ligg att saman med resten landsbyen på botnen av reservoaret. Dei som ville flytta med graver på tørt land, fekk lov til det. I alt åtte gravlagde vart flytta på land. Alle gravsteinane vart likevel tekne med, også frå dei gravene der dei gravlagde låg att på den gamle kyrkjegarden under sjøen.

I tillegg til at det var eit chapel i landsbyen, hadde ein av gardane tidlegare vore ein møteplass for kvekarar.

Ein av dei som uttrykte si sorg var presten og poeten R.S. Thomas. Her kjem dei første linjene i diktet hans. Heile diktet er verd å lesa:

There are places in Wales I don't go:
Reservoirs that are the subconscious
Of a people, troubled far down
With gravestones, chapels, villages even;


2 kommentarer:

  1. Eg kan ta feil, men det ser ut for meg som om dette er ein annan dam enn den dammen som dette kapellet ligg ved.
    https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Nantgwyllt_Baptist_Church_-_geograph.org.uk_-_152405.jpg

    SvarSlett
  2. Ja, det er fleire slike dammar i Wales. Biletet ditt er frå Cwm Elan i Midt-Wales, som forsyner Birmingham med vatn. Der sto det altså ei baptistkyrkje, som no er under vatn.

    Capel Celyn ligg i Tryweryn-dalen i Nord-Wales og forsyner Liverpool med vatn. Også der er det reist eit minnekapell på land etter at den kunstige dammen la det gamle frikyrkjebygget under vatn. Her er bilete av minnekapellet: http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Tryweryn_memorial_chapel_w.JPG.

    SvarSlett