fredag 18. oktober 2013

Reservasjonsretten og konsekvensane

Foto: Wikimedia Commons.
Kristeleg folkeparti (KrF) har fått gjennomslag for at den nye regjeringa skal la fastlegar få lov til å reservera seg mot å visa vidare til abortinngrep. Enkelte er provoserte av dette. Nokre håpar at dersom Høgre fristiller representantane sine i Stortinget, vil mange nok av dei gå imot si eiga regjering slik at reservasjonsretten kan blokkerast. Ironisk nok vil ein innskrenka legar sin samvitsfridom gjennom å visa til at partiet Høgre har ein tradisjon for at representantane "fristilles i såkalte samvittighetsspørsmål".

Til det motsette er bevist, er eg optimist i denne saka. Regjeringspartia har gjort ein avtale med KrF, og den trur eg dei vil stå ved. Å rota til forholdet til KrF er ein dårleg start for ei mindretalsregjering frå høgresida. Men viktigare er det, etter mitt syn, at det er rett å la legane følgja samvitet sitt i spørsmål om liv og død. I eit ope, demokratisk samfunn er det ein verdi i seg sjølv at folk ikkje blir tvinga til å handla mot samvitet sitt - og at dei ikkje misser jobben om dei følgjer overtydinga si. I neste omgang er dette av stor verdi for samfunnet. Vi må ikkje kvela den etiske opposisjonen. For fleirtalet kan dei opplevast som sand i maskineriet, som ei ubehageleg påminning om noko som blir forsøkt fortrengt. Men det er ikkje godt for eit samfunn å kvela slike røyster. Vi kan ha bruk for folk som tør å gå på tvers, også innanfor legestanden.

Sjølvsagt skal dei møta pasientane sine med respekt. Det er viktig, og det gjeld for alle legar. Men det er ikkje manglande respekt å seia at "dette kan eg dessverre ikkje skriva under fordi det strir mot samvitet mitt, du må nok gå til ein annan lege her". Ja, det vil nok vera ei påminning om at samvitsproblemet til legen har ein grunn, nemleg at legen ser to pasientar - kvinna og det ufødde barnet. Kva er i så fall det verste som kan skje? Ein ting som kan skje, er at ei kvinne som bed om abort, tenkjer gjennom situasjonen ein gong til. Og, igjen, kva er det verste som kan skje?

Forfattaren Nils Chr. Geelmuyden avsluttar boka si om Børre Knudsen, En prest og en plage, med å fortelja om ein episode frå Bardufoss. Knudsen har køyrt Geelmuyden til flyplassen:

"Og før vi vet ordet av det er vi med ett på Bardufoss. Han følger meg inn. Vil vente til avgang, se meg vel avsted. Vi sitter i kafeterian. Da hender noe underlig. En kvinne banker på Knudsens skulder. Den fremmede stikker en konvolutt til ham og forsvinner i det samme. "En liten takk" står det med skjev skrift utenpå. Knudsen åpner konvolutten, leser kortet og viser meg det drivende våte i de store øynene.

"Kjære Børre Knudsen. Hvis det ikke hadde vært for deg og den kamp du fører, ville jeg ikke sittet her på flyplassen nå. Jeg sitter og venter på det kjæreste jeg vet i verden. Min ni år gamle datter. Ville bare du skulle vite det."

1 kommentar:

  1. Flott artikkel, Arve Kjell! Er heilt einig med deg: http://lavik.com/index.php/stians-blog/samfunnsdebatten/229-viktig-om-samvittighetsfrihet

    SvarSlett