søndag 27. oktober 2013

Fem tøffe jenter

Ordføraren i Meland møter klatreglade jenter.
"Når greinene på klatretrea deira vart saga av, reagerte fem jenter i 7A på Sagstad skule spontant og skreiv eit klagebrev til kommunen. Onsdag vart dei invitert til møte med ordføraren for å ta opp saka."

Slik lyder ingressen i avisa Nordhordland 26. oktober i år. Saka er denne: Elevane har brukt desse trea til å klatra i, men skulen meinte det var farleg. Dermed vart greinene på nedre del av trea kutta av, og vips var dei fine klatretrea borte. Fem jenter likte dette dårleg. Sigrid Helene Steinhovden, Elisabeth Henanger, Sandra Lekva, Sunniva Vangen Robberstad og Trude Austrheim skreiv klagebrev til kommunen. Ordførar Nils Marton Aadland (H) tok tak i saka og inviterte dei fem jentene til møte å rådhuset. 

Jentene reagerte både på at dei ikkje fekk ha eit ord med i laget, og på at dei mista dei fine klatretrea. Her er eit utdrag frå brevet deira til kommunen om trea som har fått kutta av greinene nede:

Dei er blitt saga ned berre fordi ungar kan dette ned på gjerdet, eller på bakken. Dei har jo kunna klatra i dei trea i fleire tiår, og ingen har blitt alvorleg skada til no. Og kvifor har de ikkje gjort det før, det er jo ikkje slik at vi skadar oss meir en vi gjorde før. Forresten kan jo de berre ta vekk gjerdet, det er uansett veldig øydelagt. Det øydelegg både barndom og minner for elevane! Vi har veldig mykje glede av trea, som ikkje går an lengre no. Vi er VELDIG lei oss =(

Vaksne er stundom altfor redde for ting som kan vera farleg. Og kva kan vel ikkje vera farleg, om ein tenkjer seg om? Vaksne tenkjer seg av og til litt for mykje om. Allminneleg leik, klatring inkludert, vil sjølvsagt kunna føra til eit dunk her og der - av og til, men veldig sjeldan, også til verre skadar. Barberinga av klatretrea på Sagstad skule var heilt sikkert godt meint. Men vi kan ikkje polstra bardomen til neste generasjon. Fjerning av alle tenkelege farar kan neppe kombinerast med ein god oppvekst, ei sunn utvikling og spennande leik. 

Det er veldig bra når det er born og unge sjølve som seier frå om at nok er nok. Hurra for dei fem tøffe jentene frå Meland!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar