torsdag 13. desember 2012

Eit glimt frå Luciafeiringa i Bergen by


(Foto: Arve Kjell Uthaug)

Dagen i dag – 13. desember – er blitt ein viktig milepåle på vegen fram mot sjølve julehøgtida. Ikkje minst i mange barnehagar blir dagen markert med kvite kapper, lys og opptog. Biletet over er frå Luciakonserten klokka 8.00 i dag tidleg i domkyrkja i Bergen by. Jentene i Octavia frå Meland og søsterkora i Bergen song vakkert under leiing av dirigent Eirin Beate Åserud-Løvlid. Snuttane frå BA og Vestlandsrevyen gjev eit lite inntrykk, men kan slett ikkje måla seg med å vera der, sjå og høyra sjølv.

Elles burde kyrkja gripa denne dagen og gjera han til noko meir enn lun lyskos og bleikgule bollar. Luciadagen er minnedag for ein martyr, og ein sjanse til å løfta fram dei mange som ofrar mykje, stundom også livet, for Kristus.   

3 kommentarer:

  1. Heilt einig. Vi i kyrkja bør ta tak i denne dagen i langt større grad enn vi gjer. Eg trur det kan skuldast ein generell frykt for å ta tak i helgendagar. Det er ein usunn frykt vi har i Den norske kyrkje, der vi kan lære noko av Svenska Kyrkan, som i større grad løfter fram dei viktige svenskane i kyrkjehistoria.

    SvarSlett
  2. Fine tankar! Og fint navn på bloggen din. Googla faktisk kokelur her om dagen, og kor havna eg då…

    SvarSlett
  3. Hei, og takk for responsen begge to.

    Samd i det du skriv om helgenar, Steinar. I tillegg handlar det kanskje om at vi ikkje vil blanda noko så ubehageleg inn i ei vakker og varm lysfeiring? Kanskje burde ein likevel bruka luciamarkeringar til å markera ein "moderne" martyr, dvs nokon i vår eiga tid som har ofra livet for trua. Nokre setningar, litt ettertanke og ei stille bøn. Kanskje ikkje barnehagane vil falla for ein slik idé, men kan henda i kyrkjene i alle fall?

    SvarSlett