fredag 1. juni 2012

Kva gjer UD for livssynsminoritetar i Midtausten?

Foto: Al Jazeera English
(frå Wikimedia Commons)
Utanriksminister Jonas Gahr Støre har løfta fram situasjonen for livssynsminoritetar i Midtausten. ”Kristne er under press i hele Midtøsten. Også andre minoriteter blir forfulgt. Regjeringen vil nå styrke arbeidet for beskyttelse av livssynsminoriteter”, skreiv statsråden i eit avisinnlegg heilt på slutten av 2011. Initiativet frå departementet, som har vore omtala før her i bloggen, er svært prisverdig.


Kva har UD gjort for å følgja opp denne saka? Eg har kontakta departementet, og i svaret frå underdirektør Geir Løkken blir det opplyst at fleire ting er gjort:


Engasjerte trussamfunn og andre organisasjonar vart 7. februar inviterte til eit møte med utanriksministeren. Møtet vart kalla eit forum, og den same gruppa vart beden inn til nye samtalar 15. mai.  Denne gongen var møtet leia av Seksjon for menneskerettar og demokrati. Her deltok Åpne Dører, Baha’i, Mellomkyrkjeleg Råd, Det norske menneskerettighetsfondet, Ahmadiyya Muslim Jamaat Norge, Det europeiske religionsleiarrådet, Kirkens Nødhjelp, Det mosaiske trussamfunn, Stefanusalliansen, Frikyrkja sin Israels- og ytremisjon, FN-sambandet, Den norske Helsingforskomiteen, Norges Hindukultursenter, Antirasistisk Senter, ILPI og nokre interne frå Utanriksdepartementet.

14. juni blir nokre av dei forskingsinstitusjonane som UD har samarbeidet med i lang tid, inviterte for å drøfta ein fersk rapport om religionsfridom verda over, skrive av amerikanske PEW Forum on Religion & Public Life.


I mars og april har departementet hatt dialog med ambassadane og relevante delegasjonar for å samla best mogleg informasjon om situasjonen for livssynsminoritetar i dei respektive landa.  - Dette gav oss og eit betre grunnlag for å løfta desse spørsmåla opp i FN, noko statssekretær Gry Larsen har gjort i samtale med høgkommissæren for menneskerettar, delegasjonen vår i Genève i oppfølgingssamtalar ved kontoret hennar og vi her heime i paneldebatt om minoritetar i Menneskerettsrådet, opplyser Løkken.


Vidare er situasjonen for den koptiske minoriteten i Egypt teken opp av statssekretær Torgeir Larsen i samtalar i Egypt og i andre samtalar på politisk nivå i ulike samanhengar. - Ingen skulle no vera i tvil om kor Noreg står i desse spørsmåla, og vi leitar vidare og etter strategiske alliansepartnarar, både i og utanfor Europa, for slik å kunna oppnå konkrete resultat i arbeidet, forsikrar Løkken. 

3 kommentarer:

  1. Interessant. Om dette faktisk får reelle fylgjer i Midausten er sjølvsagt usikkert, men det ser ut som om det i alle fall har blitt gjort konkrete ting, om enn ikkje så mykje som eg kunne ha ynskja meg. Takk for gravejobb!

    SvarSlett
  2. Kanskje er det òg eit spørsmål om kor mykje Vesten faktisk KAN influera på situasjonen for minoritetar i Midtausten. Kanskje det mest direkte resultatet av at UD engasjerer seg, er at fleire i Norge blir klare over problema. Så får vi håpa at det på ein eller annan måte, på litt sikt, kan ha noko positivt å seia for dei som dagleg kjenner trykket.

    SvarSlett