fredag 11. mai 2012

Vestland møter Estland

Desse jentene i ungdomskantoriet Octavia skal snart ha vårkonsert i Melandkyrkja saman med Bergen Domkirkes Jentekor og Elise frå Estland. Elise kjem frå den vesle estiske byen Pärnu, og neste veke kjem dei for første gong hit til Noreg. Dei kjem humpande hit med buss om kvelden på sjølvaste 17. mai. Eg må tilstå at eg aldri har høyrt det estiske jentekoret. Men etter å ha lese at dei øver to gonger i veka, har gitt ut fleire cd-ar, turnert rundt i mange europeiske land, sunge i Vatikanet - ja, så er eg faktisk freista til å tru at dei er riktig flinke.

Og det inntrykket blir styrka av dette opptaket frå den internasjonale Eisteddfoden i Wales i fjor.  Sidan vi er innom Wales, får eg endeleg ein fin sjanse til å lenka opp til eit anna musikalsk innslag derifrå. Rett nok av ein heilt annan sjanger, men veldig flott, nemleg den walisiske nasjonalsongen Hen Wlad Fy Nhadau, eller Land of My Faters. Opptaket viser at rugby er langt meir enn springing, ball og brøling.

Men det var konserten "Estland møter Vestland" dette skulle handla om. Dei tre venskapskora skal øva saman, ha det sosialt, syngja på gudsteneste og konsertar. Laurdag 19. mai kl. 19.00 syng dei altså i kyrkja på Meland. Det kan bli vakkert.

Eigentleg kan dette lesast som rein reklame, sidan eg er leiar i styret for Octavia. Men det er kanskje litt seint å seia no. Ein flott vårkonsert trur eg uansett det blir. Oppriktig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar