onsdag 30. mai 2012

To hus på hell

Steinhuset i Vågsbotn (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Ikkje alle pendlar mellom Bergen og Nordhordland, men dei som gjer det, har ei stund kunna gleda seg over det flotte steinhuset som har kome til syne i Vågsbotn. Huset ligg attmed Langavatnet, og ikkje så langt frå innslaget til den nye Eikåstunnelen frå sør. Mange av oss pendlarar har nok ikkje tenkt over dette huset før, men det har kome langt betre til sin rett etter at det vart rydda i skogen omkring. No står det som eit landemerke, og ei påminning om det gamle samfunnet der dyrking av jorda og kroppsarbeid var kvardagen for dei fleste. Åsane, som no er nordre bydel av Bergen, høyrer historisk sett med til Nordhordland, sjølv om grensa i dag vanlegvis blir trekt ved Nordhordlandsbrua litt lengre nord.
Norwegian Wood i Hemsedal (foto: Arve Kjell Uthaug)
Så mange prangande byggverk er det ikkje i dette området.  Men steinarbeid frå det gamle bonde- og bygdesamfunnet er små perler som burde vore meir vørd på. Steingardar, steinløer, potekjellarar og små bruer pregar kulturlandskapet med sitt naturnære materiale, sine praktiske føremål og sin ukompliserte estetikk. Derfor ville det vore genialt om steinhuset i Vågsbotn fekk stå der som ei påminning om røtene våre - like attmed det store nye krysset som skal koma utanfor tunnelopninga.
Dessverre går det ikkje slik. I eit venleg e-postsvar frå Vegvesenet vert det opplyst at steinhuset dessverre må rivast. Det vert liggjande midt i køyrefeltet frå den nye tunnelen. Steinen i huset skal likevel brukast til ein 30 cm høg natursteinsmur i ein spiral midt i den nye rundkøyringa i Vågsbotn. Det er jo betre enn ingen ting.
Medan eg er inne på gamle hus som nok går ei litt dyster framtid  i møte, kan det vera på sin plass å trekkja fram dette vesle trehuset i Hemsedal. Huset ligg tett med hovudvegen  som går over fjellet og vestover til Lærdal. Dei som ønskjer å driva juletresal direkte frå eige tak, har gjerne ein sjanse her.

2 kommentarer:

  1. Godt nytt! http://www.bt.no/nyheter/lokalt/lokalhistorie/Lover-tomt-til-steinhuset-2723174.html#.T98yfHhWLeI

    SvarSlett
  2. Heldigvis endte ikkje torvhuset på Eikås opp som dekorasjon i rundkøyringa. Mange la merke til dette flotte steinhuset, og media har følgd opp saka. No er huset demontert. Og får Åsane historielag inn pengar nok, blir det reist opp igjen like ved der det gamle sto, men altså ikkje i vegen for den nye vegbana. Sjå artikkelen frå historielaget:

    http://www.aasanehistorielag.no/aktiviteter/bli-kulturvernfadder-kj%C3%B8p-steiner-til-torvhuset-p%C3%A5-eik%C3%A5s-i-v%C3%A5gsbotn

    SvarSlett