Når noko eineståande, rikt og fantastisk er laga, kva ord brukar ein for å oppsummera arbeidet?_Detail.jpg)
Gud skaper Adam, slik Michelangelo såg det (frå
Wikimedia Commons).
Eg er veldig glad i den nynorske bibelomsetjinga som kom frå Bibelselskapet i 2011. Språkføringa er drivande god og gjennomtenkt, slik bibelspråk bør vera. Omsetjinga er ein stødig standard å støtta seg til for alle som treng hjelp til å skriva god norsk, og på same tid har omsetjarane balansert omsynet til språkutviklinga på ein god måte. Synest eg.
Likevel har eg ei lita høne å plukka med bibelomsetjarane, og plukkhøna er formuleringa i første Mosebok etter at Gud har skapt himmelen og jorda og alt som lever. I omsetjinga frå 1978/85 stod det at Gud konkluderte med at det han hadde gjort, var "overlag godt" (eller "ovleg", som det står i dei i eldre nynorske omsetjingane). Bokmålsbibelen frå same år slo fast at det var "overmåte godt", og i 1930-utgåva heitte det "såre godt".
Men i dei siste omsetjingane frå Bibelselskapet (2011 og 2024) er konklusjonen på denne største av alle eigenevalueringar at Gud såg at det var "svært godt". I mine øyre kling ikkje dette godt. "Svært godt" minner for mykje om dei gamle bokstavkarakterane i ungdomsskulen, der toppkarakteren var "sers godt" (nynorsk) og "særdeles godt" (bokmål). Noregs forskingsråd har òg brukt "svært godt" som karakter i vurderinga av prosjektsøknader. Å slå fast at skapinga av himmel og jord kvalifiserer til svært godt blir, i mine øyre, litt flatt og skulekarakteraktig.
Då er det annleis med "overlag godt". Det ber i seg noko overveldande og grensesprengande. Alt er så vakkert, så godt og så stort at det ber over. Så vil kanskje nokon innvenda at orda "overlag" og "overmåte" ikkje er dei vanlegaste i daglegtalen. I så fall vil eg minna om at det heller ikkje er så vanleg at himmel og jord blir skapt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar