søndag 26. mai 2024

Ei reise til det indre av Holsnøy


Kveldsbad i Storavatnet
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Du finn knapt ein vakrare plass for eit kveldsbad på Holsnøy. Hestneset ligg inst inne i ein av armane av Storavatnet. Her ligg det eit nes, kløyvd av ei lita badevik, som skjer seg inn. Ein sommarkveld kan du vassa ut i vatnet med solnedgangen framfor deg over tretoppane i horisonten. 

Det er stilt her, og det er ikkje mange som bur i området. Nokre få gamle hytter ligg oppe i skogen på austsida av vatnet. Nokre små båtar ligg trekte opp på land. Alle får nok ikkje vatn under kjølen kvart år. 

Éin sentralfunksjon finn du forresten på denne stille pletten av Holsnøy, og det er bedehuset på Hestnes. Som så mange bedehus rundtom, er heller ikkje dette så mykje i bruk lenger. Endringar både i kristenliv og kommunikasjonar har gjort sitt. Men huset, som vart reist i 1910, ligg her framleis, tett inntil vegen, og akkurat der du kan gå ned til den vesle badeplassen. 

Hestnes bedehus (foto: Arve Kjell Uthaug)
Framme på veggen inne i møtesalen står det tydeleg forkynt: Eg er vegen, sanningi og livet.

Utanfor går vegen like forbi, og det er ikkje så mange der heller. Eine retninga går mot Fureskjegget, andre retninga går mot Grasdal. 

Du er midt inne i det indre av Holsnøy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar