lørdag 30. desember 2023

Om demonar og verdsbilete

Framstilling av djevelen Frå 
Codex Gigas, 1200-talet (frå
Wikimedia Commons).

Olof Edsinger er ikkje mørkredd. Han har dei seinare åra gitt ut bøker om kjønn og seksualitet, om Guds dom og om krigen i Det gamle testamentet. Tru meg, ikkje noko av dette står høgt på lista over tema ein norsk kristen ønskjer skal dukka opp som samtaletema i lunsjpausen. No har han gitt ut bok om vonde åndsmakter. Eit felt dei fleste kristne ønskjer minst mogleg praktisk erfaring med.

Farlige for fienden. En bok om den åndelige kampen - og hvordan den kan vinnes (2023) er gitt ut på Lunde, Norsk Luthersk Misjonssamband sitt forlag. Edsinger går inn på eit tema som har hatt liten plass i den tradisjonelle evangeliske hovudstraumen av norsk kristenliv.  Både på bedehusa og i frikyrkjene har kampen mot "vondskapens åndehær i himmelrommet" nok vore sett på som ein realitet, men detaljane og konkretiseringane har ein gjerne vore varsam med. Sjølv om eg ikkje kan dokumente påstanden, trur eg det er svært, svært få av dei mange hundre norske bedehusa der det har skjedd ei demonutdriving.

Frå misjonsmarka, i land langt borte, har ein høyrt om slikt. Her heime derimot har ein ofte meint å kjenna lukta av litt ytterleggåande karismatikk når slike ting har dukka opp.

Men Olof Edsinger er ein mann med både mot og tillit. Så kanskje han kan skriva ei god bok om temaet?

INNVENDINGAR. Det er like godt å koma med motforestillingane med ein gong. Så er det gjort. Dei handlar meir om bruken av ei slik undervisning og mindre om det Edsinger skriv.

For det første er det gode grunnar til å ikkje gje tenkinga om demonar og åndsmakter for stort fokus. Eller å leita etter "demoner under enhver busk", som Edsinger òg skriv. Det ligg mykje krutt i eit slikt tema, og det ligg skadepotensiale. Uklok interesse for vonde makter kan, trur eg, vera uheldig spesielt for den som har eit litt vârt sinn. Eg seier ikkje at Edsinger trakkar feil her; det må jo gå an å skriva om vonde åndsmakter i ei bok om vonde åndsmakter. Men det er grunn til å vera  forsiktig. Og dei fleste av oss skal gje mykje større rom til den velsigna rolla vi har fått med å vera Guds medskaparar og takknemlege gartnarar i alt godt og byggjande arbeid enn tanken om å vera hans soldatar i kampen mot vonde åndsmakter. 

Så er det dette med praktiseringa i møte med enkeltmenneske. Her reiser det seg vanskelege spørsmål. Korleis skal ein t.d. skilja mellom alvorleg psykisk sjukdom og demonar? Her trengst det menneske med både innsikt, menneskekunnskap og ei trygg tru på Gud. Og korleis skal ein gå fram i praksis når ein skal setja menneske fri frå demonar? Edsinger gjev fleire kloke råd her, og det er bra. Eg kjenner likevel på ei viss uro dersom utfriing frå demoniske krefter skulle bli meir utbreidd praksis i kristennorge enn det er i dag. Kanskje vil det likevel tvinga seg fram rett og slett ut frå eit behov. I så fall treng vi ikkje superpredikantar som opererer under mottoet "ingen over, ingen ved sida". Ingen bør driva med slikt utan å stå i ein samanheng med tilsyn, opplæring og støtte.

Ei interessant konkretisering av dette temaet dukka forresten opp i media nyleg, då kjendis-sjamanen Durek Verrett trekte inn spørsmålet om vonde ånder i barneoppsedinga. Olof Edsinger var ein av dei som reagerte tydeleg mot sjamanen. Samstundes er saka ei påminning om kor viktig det er med klokt skjøn og sunn skepsis for ikkje å trakka feil og gjera skade. 

Til sist. Bibelen seier ein god del om djevelen og vonde åndsmakter, men Bibelen er ikkje ei lærebok i systematisk teologi. Dei vonde åndsmaktene dukkar opp litt her og litt der, og vi får lite systematisk undervisning om temaet i Dei heilage skriftene. Naturleg nok vil ein forfattar av ei bok om temaet sjå etter mønster og prøva å systematisera det som i Bibelen dukkar opp her og der.  I dette arbeidet trekkjer Edsinger inn erfaringar og undervisning frå forfattarar som har jobba med temaet og utan tvil samla seg opp mykje røynsle. Så den bibelbaserte kunnskapen blir supplert med kunnskap tufta på vidaretenking og erfaring. Det ser vi til dømes når det gjeld forestillinga om dei tre himlane og tanken om eit system av territorielle åndsmakter. Kanskje har Edsinger rett i konklusjonane han trekkjer om desse tinga, og det gode her er at Edsinger ikkje skjuler korta. Han viser at konklusjonane hans i desse spørsmåla byggjer på ein kombinasjon av bibeltekstar, andre forfattarar sine drøftingar og eigne resonnement. Vi andre står sjølvsagt fritt til å prøva alt og halda fast på det gode. Det er grunn til å ta vare på denne sunne skepsisen òg når det kjem interessante bøker frå gode kristne leiarar, som Edsinger. 

EIN SLYNGESTEIN MOT EIT VERDSBILETE.  Edsinger har våga seg inn på eit felt som dei fleste av oss norske kristne har lite røynsle med, men som er ein heilt naturleg del av den kvardagen vi møter i Bibelen. Jesus sa til og med i avskilsorda til læresveinane at "i mitt namn skal dei driva ut vonde ånder". Det er ein ståande ordre for kyrkja. Når det er uvant med ei bok om vonde åndsmakter, heng det saman med at vi deler eit verdsbilete som i utgangspunktet utelukkar eksistensen av både gode og vonde åndsmakter. Enkelte vil hevda at verdsbiletet og den vitskaplege forståinga utelukkar eksistensen av Gud. I så fall vil nok ei bok om vonde åndsmakter opplevast som litt aparte. 

Men om ein trur på Gud, har ein allereie erkjent at det finst ein åndeleg røyndom fletta inn i den synlege. Då er det heilt rimeleg å tru at det òg finst åndelege realitetar og krefter som heng saman med vondskapen i verda. Vondskapen kan vi i høgaste grad erfara. Olof Edsinger har gitt oss ei god og utfordrande bok til hjelp i møte med vondskapen som åndeleg fenomen. Eg kan lite om dette, men eg trur - trass innvendingane - vi har mykje å læra av denne boka. Edsinger tek på alvor det Paulus skriv om at vår strid "er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet". 

Dette er òg ei viktig påminning om at vår strid ikkje er mot menneske; heller ikkje mot menneske vi kan oppfatta som fiendar. Jesus sa som kjent at vi skulle elska fiendane våre, kor urimeleg det enn høyrest ut. 

Farlige for fienden er ein slyngestein mot det verdsbiletet som vi alle i større eller mindre grad deler, vel å merka i vår del av verda og akkurat i vår tid. Det ligg djupt i dei fleste av oss og i kulturen vår at vi står på høgda av ei slags utvikling der akkurat vi akkurat her og no skjønar oss på det meste betre enn det folk har gjort før. Og vi veit betre enn det folk gjer i andre delar av verda. Vi uttrykker gjerne ikkje dette direkte som ein teoretisk posisjon, men det piplar gjennom i argumentasjonen vår og i språket vårt. Edsinger utfordrar frimodig denne tankegangen. I neste omgang kunne det vore interessant med meir kunnskap og erfaring frå kyrkja i andre delar av verda, der kampen mot vonde åndsmakter ofte er ein mykje meir synleg og kvardagsleg ting. Kanskje kan vi læra ein heil del her av kristne søsken i andre delar av verda - både om ting vi bør gjera, og ting vi ikkje bør gjera.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar