fredag 27. januar 2023

Kule ord (88): ei dreva

Ei kvinne med tak i, kanskje ei god dreva? "Kvinne som 
spinn" er teikna av Geertruydt Roghman
(foto: Nasjonalmuseet/Andreas Harvik)


Ei dreva er ei kvinne med fart og tiltak i. Ei som får gjort noko der andre gjerne berre står og ser på. Ordet har eg frå far min, som er nær nitti år gammal og kjem frå Fedje i Nordhordland.

Eg har ikkje funne ordet som substantiv i denne meininga i ordbøkene. 

På striledialekt heiter det altså ei dreva (og den drevo): "Ho var riktig ei dreva". Kor utbreidd har dette ordet vore? Kven veit. Men eg har testa ut litt på Facebook-sida Strilamål, som i skrivande stund har litt over titusen medlemar, og der er det ikkje så mange som ser ut til å kjenna til ei dreva som substantiv brukt om eit drivande kvinnfolk.

Stort meir veit eg ikkje om ordet.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar