onsdag 28. juli 2021

Fjærlandkjenning

Fjærland er ein liten plass med mykje innhald
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Fjærland i Sogn finn du ikkje maken til. Det kan du for så vidt seia om alle stader, men det gjeld litt ekstra for denne bygda med si eineståande blanding av natur og kultur.

Dei mektige fjella, gode jordbruksbøane, husa og nausta som ligg på rekkje langs den grågrøne fjorden, Jostedalsbreen som strekkjer armane sine med mot bygda (Norsk Bremuseum ligg her). Som turist kan du nesten koma til å tru at du har hamna i ein alternativ røyndom. Men, sjølvsagt, måsen skrik her også, og skit så veggen på Joker-butikken ser ut som han har fått  utslett.

Døra inn til Guds hus er stengt
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Du er ikkje den einaste turisten om du kjem hit i slutten av juli. Likevel er det ei slags ro over Fjærland. Ein liten stad som ser ut til å takla turismen med ei slags avslappa ro. Denslags står det respekt av.

Det gamle, ærverdige - og langt frå vedlikehaldsfrie - Hotel Mundal ser ut å vera under oppussing. Like bortanfor ligg den raudmåla trekyrkja. Døra inn til gudshuset var låst då eg var der, så då var det å rusla rundt på kyrkjegarden i staden. Det slo meg at eg måtte driva ei god stund mellom gravene før eg fann nokre få gravsteinar der innskriftene ikkje var på nynorsk. Slik er det langt frå i alle bygder sjølv om nynorsk har vore skulespråk der i fleire generasjonar.

Kjell Arve Straumsvåg tek seg av bøkene
(foto: Arve Kjell Uthaug)

Slik kan ein gå og drøyma seg bort. 

Om Skaparens dramatiske landskapsglede og bygdefolket sine hus, naust og grøne bøar ikkje er nok til å lokka ein til Fjærland, finst det ein ting til. Bokbyen. Antikvariata ligg tett i tett, og brukte bøker kan ein kjøpa, eventuelt kikka på, i mangslags hus her langs Fjærlandsfjorden. Eg endte opp med ei bok frå 1935 om nordhordlendingar som var med i første verdskrigen. Dessutan fekk eg ein triveleg prat med Kjell Arve Straumsvåg, som arbeider i  vekeavisa Dag og Tid, men som i tillegg rekk å driva Straumsvågs antikvariat med utsal frå fleire bygningar i bokbyen. Straumsvåg er ein av fleire som handlar med bøker her. Utvalet hans er stort og spennande og heldigvis tematisk ordna.

Gravemaskina står i ro attmed vegen opp til brearmen
 i Supphelledalen, men graset er slege
 (foto: Arve Kjell Uthaug)

Det bur ikkje mange i Fjærland, og sentrum er ikkje så stort.  Men orda til den walisiske poeten Waldo Williams kan passa om denne bygda, slik dei og kan høva for enkeltmenneske: 

What is living? Having a great hall 
Between narrow walls.


1 kommentar:

  1. Å, så gøy å lese, Arve Kjell! Har vore der og vitjar gjerne Fjærland igjen. Men eg må passe meg for alle bøkene. Har aldeles for mange alt.

    SvarSlett