tirsdag 20. april 2021

Kule ord (73): presens fleirtal

Her, i Høydalsmo kyrkje i Telemark, vart 
No koma Guds englar
for første gong sungen
i ei gudsteneste. Det hende 2. juledag 1884.
(Foto: Siri Johannessen, Wikimedia Commons)

No koma Guds englar med helsing i sky. Guds fred og velsigning dei bjoda. Eg kan ikkje vera den einaste som har site under julegudstenester og ikkje berre gledd meg over ein av dei aller vakraste av salmane våre, men òg undra meg litt over verbformene. For det er vel slik at Elias Blix vil ha fram at nett no - i presens - kjem englane med si fredshelsing. Då synest det underleg at han brukar "koma" og "bjoda", som ser ut som infinitivsformer av verbet, i staden for dei vanlege presensformene "kjem" og "byd".

Forresten har eg høyrt noko liknande i Hemsedalsdialekt, der ein kan seia at "dei koma klokka fire i dag". 

Alt har si forklaring, får vi tru. Her heiter forklaringa presens fleirtal. Det har eg slett ikkje funne ut av meg sjølv, men eg har søkt råd hjå Sturla Berg-Olsen i Språkrådet, og han skriv:

Desse formene som du nemner –  dei koma, no koma Guds englar, dei bjoda – er alle døme på presens fleirtal. Slike fleirtalsformer finn vi i dag berre i nokre konservative målføre, til dømes i Valdres, Hallingdal, Numedal, Setesdal, på Voss og i Lærdal. Her kan det altså lyde eg/han/ho kjem, men vi/dei koma. Aasens landsmålsnormal hadde fleirtalsbøying av verb, og vi finn ein del av det i eldre nynorsktekstar.

Der dei har eller hadde fleirtalsformer, fell desse formene med få unntak saman med infinitivsformene. Derfor er det ikkje så rart at ein kan tru det er infinitiv når ein kjem over slike former.

I «No stig ifrå jordi ein helgasong ny» er stig vanleg presens eintal, for subjektet (ein helgasong ny) er jo i eintal.

Dermed er i alle fall eg litt klokare, og så får lesarane ha meg tilgitt at det i Kule ord denne gongen handla om bøyingsformer av verb snarare enn eit enkelt ord eller uttrykk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar