lørdag 5. mars 2016

Det vanskelege barnevernet

Foto: Martin Greslou, Wikimedia Commons
Kommentator Alf Gjøsund skriv om "Fars hånd" i avisa Vårt Land. Det er ei sterk historie om hans eigen far som "manglet empati og forståelse", og som mishandla son sin fysisk. Som drog ned buksa og slo han til sonen ikkje hadde luft igjen i lungene, stundom med ein fingertjukk sprinkel frå ei øydelagd barneseng. Gjøsund skriv nøktertn og formidlar med innestemme. Det gjer inntrykk å lesa kor ærleg han skriv om faren, samstundes som han ikkje skriv utan varme. Artikkelen bør lesast.

Artikkelen har han skrive "fordi­ det fremdeles finnes noen utydelige­ stemmer der ute". Gjøsund viser til nokre av dei som har uttalt seg etter medieoppslaga om eit norsk-rumensk ektepar som har mista omsorga for borna sine. Journalisten Jon Hustad og pastor Jan Aage Torp blir trekt fram. "De synes ikke litt vold mot barn er så farlig", skriv Gjøsund. Han meiner utsegnene deira er eit svik mot dei aller mest sårbare, og at det kan vera livsfarleg for nokre born.

Det beste for barnet
Gjøsunds personlege forteljing er vel verd å lytta til. Samstundes er det hans historie. Andre har andre historier, som òg må lyttast til. Eit forbod mot fysisk avstraffing av born, slik vi har, gjer det sannsynlegvis enklare å avdekka dei som driv med grov mishandlar borna sine. Det er eit sterkt argument for forbodet mot all fysisk avstraffing av born.

Men det betyr ikkje at alle som daskar borna sine på baken, er barnemishandlarar. Ikkje var det slik før, og ikkje er det slik no heller. Barnevernet har ei kjempekrevjande oppgåve, og er det barnet sitt beste som er det viktigaste, kan ikkje alle situasjonar møtast likt. Derfor kan ein heller ikkje berre plassera alt frå eit varsamt klaps på baken til sanselaus bank oppi ein og same sekk, kalla det vald - og så handla på autopilot derifrå. Det trur eg slett ikkje Gjøsund, eller barnevernet, meiner heller. Men eg meiner det er grunn til å framheva at heilt ulike situasjonar krev heilt ulik hjelp. Det må ein ikkje missa av synet, dersom barnets beste skal vera det overordna. 

Spørsmål og tvil
Den norsk-rumenske familien frå Naustdal, som Gjøsund refererer til, har ei anna soge enn han. Sjølvsagt kan det vera viktige ting vi ikkje veit om denne saka, og alle vi utanforståande bør vakta oss for å vera skråsikre i slike saker. Barnevernet har ikkje same fridomen til å formidla sin versjon som det støttespelarane til foreldra har.

Likevel er det etter kvart formidla så mykje om denne saka i media at vi har eit visst grunnlag for å gjera oss nokre tankar og stilla nokre spørsmål. Barnevernet er ein så viktig institusjon, og har så stor makt, at det må møtast med spørsmål og stundom kritisk debatt. Då barnevernssaka frå Naustdal i Sogn og Fjordane vart kjent, var det nok mange av oss som tenkte at dette var ein kampanje basert på sterke meiningar, sviktande kjennskap til saka og kanskje ein viss porsjon aktiv fordreiing. Men eg må tilstå at etter kvart som eg har lese meir om saka, veks tvilen og spørsmåla. Til barnevernet.

I november i fjor kom barnevernet og henta dei fem borna til den norske mora og den rumenske faren. Det eldste barnet var elleve år gammalt, det yngste var eit ammande barn på tre månader. Bergens Tidende hadde ein lang og informativ reportasje om saka 6. februar i år. På nettsidene til NRK ligg det òg fleire artiklar, m.a. eit intervju med dei norske besteforeldra, ein psykologspesialist med innsyn i dokumenta i saka og ein psykologiprofessor. Både spesialisten og professoren er kritiske til måten det offentlege omsorgsapparatet har opptrådd på.

Kva skjedde?
I følgje Bergens Tidende seier far til dei fem borna dette til rumensk fjernsyn:

- Det kom frem at barna sa de var slått hjemme innimellom, forklarer far.
- Har det skjedd, spør programlederen.
- Bare klaps på baken, og de har blitt dratt i ørene. Vi visste at det ikke var lov med slike korreksjoner i Norge siden min kone er vokst opp her, men det var likevel situasjoner der det skjedde, sier far.


BT siterer vidare politiadvokaten på at "det er bra samsvar mellom det barna har fortalt og det foreldrene har erkjent", og at det ikkje er snakk om fysisk skade på borna. I følgje BT har foreldra erkjent bruk av mild vald som ein del av oppsedinga av nokre av dei eldste borna, men ingen av dei yngste.


Etter norsk lov kan ein ikkje straffa born fysisk. Derfor er det naturleg at ei slik sak blir følgd opp. Men det finst mange måtar å følgja opp på. Ein måte er å gå i dialog med foreldra, gje dei råd og oppfølging. Psykologspesialist Einar C. Salvesen har innsyn i saksdokumenta, og har møtt foreldra. Han meiner barnevernet sin handlemåte er ein tragedie og eit overgrep mot borna.

Her var det lagt godt til rette for samarbeid frå foreldra si side. Her var det også veldig god omsorgsevne til stades som ein kunne utnytta. I tillegg var det enkelte ting familien burde fått rettleiing om, meiner Salvesen.

Ein oppsplitta familie
Men kva gjorde barnevernet? Alle fem borna vart henta, ikkje ein gong det ammande barnet fekk vera att hjå mora. Babyen har no vore minst like stor del livet sitt borte frå mora som saman med henne. Søskenflokken vart splitta frå foreldra, frå besteforeldra og frå kvarandre. Dei vart plasserte hjå tre ulike familiar. Borte frå skule, vener og nabolag.

Dersom saka i Bergens Tidende og artiklane på nrk.no gjev ei nokolunde rett framstilling av det som har skjedd, og dersom det stemmer at dette er foreldre med god omsorgsevne, korleis kan det offentlege omsorgsapparatet gripa inn på ein slik måte? Eg forstår det rett og slett ikkje. Kan dette vera til beste for borna? Ei slik oppsplitting av ein familie og ein søskenflokk, må vera ei stor påkjenning ikkje minst for borna. Og det er jo borna sitt beste det skal handla om. Då spør eg meg om ei slik tvungen oppsplittinga av familien ikkje kan vera langt verre for borna enn dei klapsa og dei øyrefikane nokon av dei hadde fått heime.

Barnevernet prøver heilt sikkert å gjera det dei meiner er best for borna. Og som alle oss andre kan dei gjera feil. Men om  medieframstillinga er nokolunde rett her, gjev saka grunn til uro. 

1 kommentar:

  1. Ja, her ser det ut til at barnevernet har handla svært uklokt! Barnevernet skal i fylgje retningslinjene koma inn og rettleia ein familie og styrka foreldra i deira omsorgsevner. Å ta fra dei barna må vera siste utveg. Å ha fosterfamiliar er svært ressurskrevande. Det må kanskje meir ressursar inn i førebyggjande og rettleiande arbeid? Særleg mennesker frå andre kulturar må skjøna at vi heller ikkje aksepterer "litt klasking" fordi det faktisk er skadeleg for barn si psykiske helse. Men å skilja barna fra syskjen,foreldre og nettverk kan i ein del tilfeller vera enda meir skadeleg for barn si psykiske helse.

    SvarSlett