torsdag 14. januar 2016

Prøveklut for ytringsfridomen


Demonstrasjon for den frie ytringa denne gongen.
Foto: Kim Scarborough, Wikimedia commons
Han gjekk frå å vera redaktør i ei bortgøymt lita kristen-avis til å bli gallionsfigur for ytringsfridom i dagens Noreg. Årsaka var ei faksimile Vebjørn Selbekk trykte i avisa Magazinet 10. januar 2006. På eit blunk var Selbekk blitt ein del av den internasjonale karikaturstriden. I boka Fryktens makt (2016) skriv han si historie. Om striden rundt Muhammed-karikaturane, om sjølvsensur i media og om politikarar som ikkje skjøna at dei burde stå opp for ytringsfridomen. Skuggen over det heile er møtet mellom Vesten og islam: Går det an å leva side om side utan å amputera den frie debatten på grunn av frykt?


I 1988 gav den indiske forfattaren Salman Rushdie ut boka Sataniske vers. Romanen vart av mange muslimar sett på som ei krenking av det mest heilage. Aytaollah Khomeini i Iran sa fram dødsdommen over Rushdie, og forfattaren måtte gå under jorda. I 1993 vart forleggaren William Nygaard, som gav ut Sataniske vers på norsk, skoten og alvorleg såra. Ingen er pågripen etter attentatet, men den sterkaste teorien er at han vart skoten ned på grunn av bokutgjevinga.

Striden om denne boka vart på mange måtar innleiinga til ein internasjonal og ideologisk kald krig mellom eit sekulært og vestleg inspirert syn på ytringsfridom på den eine sida og eit sjølvbevisst islam som vil verna det heilage mot kritikk og latterleggjering. Vald og drap er blitt brukt til å forsvara religionens og profetens ære. Dermed er frykt blitt det viktigaste våpenet. Kven vil trykka noko som kan føra til at ein sjølv, familien eller redaksjonen ein er leiar for, kan koma i livsfare?

Tolv teikningar i Jyllands-Posten
I 2006 flamma den ulmande konflikten igjen opp. Den danske storavisa Jyllands-Posten hadde året før trykt tolv karikaturteikningar, fleire av dei avbilda Muhammed og fleire hadde ein kvass kritisk snert. Teikninga av profeten med ei bombe i turbanen er kanskje den mest kjende. Konflikten vart storpolitikk. Muslimske leiarar var provoserte, krenka muslimar marsjerte i gatene og den norske og den danske ambassaden i Damaskus vart sette i brann. Teiknarar og redaktørar vart terrormål.

Og altså ikkje berre i Danmark. Striden flytta seg etter kvart til Noreg. Både Aftenposten og Dagbladet publiserte teikningane. Det same gjorde Vebjørn Selbekk i den vesle avisa Magazinet: Dei laga ei sak om "Tegningene som ryster Danmark" og illustrerte det med ei faksimile av avissida med teikningane i Jyllands-Posten. Så kunne jo lesarane sjå sjølve og gjera seg opp ei meining.

Men dermed braut spetakkelet laus for Selbekk. Han vart truga på livet, og vart mediekjendis og terrormål på same tid. Av statsminister Stoltenberg og utanriksminister Støre vart han sett i den offentlege skammekroken. Utanriksdepartementet sende instruks til ambassadar og utanriksstasjonar i muslimske land - ei krypande orsaking, som kritiserte publiseringa av teikningane i Magazinet. Ytringsfridomen vart nedprioritert av den norske regjeringa.

Det er lett å skjøna Selbekks harme over feilinformasjonen frå utanriksministeren. Støre framstilte det som om teikningane berre var publiserte i éi norsk avis, ifølgje Fryktens makt, endå han måtte vita at dette ikkje var riktig. Dermed vart heile børa velta over på redaktør Selbekk og den vesle kristenkonservative avisa hans. Selbekk har heldigvis ikkje ein overdriven hang til sjølvmedlidande sutring. Men det er ingen tvil om at han meiner utanriksministeren og statsministeren gjorde han til syndebukk. Og at dei ikkje sjølve var vaksne nok til å stå opp og forsvara retten til den frie ytringa då det trongst mest.

Den sekulære Selbekk
Selbekk har nok rett i at han som redaktør i ein liten kristenkonservativ publikasjon var eit mjukt mål i karikaturstriden. Samstundes er det interessant å sjå at Selbekk, som etter ein fusjon for nokre år sidan i dag er redaktør for den kristelege dagsavisa Dagen, i liten grad gjev ei teologisk grunngjeving for tenkinga om ytringsfridomen. Eg har i alle fall vanskeleg for å skilja Selbekks standpunkt frå eit reint sekulært forsvar for den frie ytringa.

Det hadde vore interessant og naturleg om Dagen-redaktøren drøfta desse spørsmåla òg ut frå det livssynet avisa hans er tufta på. Hans eige standpunkt i saka er nok blitt radikalisert, om det er rette ordet, etter dei erfaringane han sjølv har gjort. I alle fall legg han ikkje skjul på at han så seint som i 2004 hevda det var fornuftig å ha eit vern mot blasfemi i det norske lovverket. I dag er han heilt imot dette. Det synest eg er fornuftig. Men denne radikale understrekinga av ytringsfridomen er ikkje sjølvsagt, heller ikkje ut frå verdigrunnlaget til avisa Dagen. Dersom det moderne samfunnet bør tuftast på dei ti boda, er det interessant med ei drøfting av ytringsfridom, blasfemi og pålegget om at "du skal ikkje misbruka Herren din Guds namn".

Det finst sikkert argumentasjon å henta frå konservativ evangelisk teologi for at ytringsfridomen bør få ein slik overordna posisjon. Og det finst i tillegg reint historiske grunnar. Dei lågkyrkjelege og frikyrkjelege rørslene som Dagen og fusjonspartnaren Magazinet er runne av, voks i si tid fram gjennom eit opprør mot prestestyre og statslutherdom. Dei kjempa for det frie gudsordet. Eit av dei første store slaga var kampen mot konventikkelplakaten, som gav presten rett til å ha kontroll med forkynninga.

Så det finst både teologiske og historiske grunnar til at ein redaktør av Dagen hevar fana for det frie ordet. Men biletet er likevel ikkje eintydig. Det finst i denne tradisjonen også skepsis mot ein ytringsfridom som trakkar det heilage for nært. Her kunne redaktør Selbekk teke på seg dei teologiske arbeidskleda og gått i nærkamp med sin eigen tradisjon. Forsvaret hans for ytringsfridomen i Fryktens makt framstår som gjennomgåande sekulært.

Gode "men"
Fryktens makt tek eit oppgjer med dei som seier at "ja, det er ytringsfridom, men...". Her polemiserer redaktør Selbekk mot dei ikkje legg all skuld for valden på terroristane, men nærast endar opp med ei skulddeling mellom terroristane og dei som kjem med frimodige ytringar. Det er bra. Samstundes er det "men" som må leggjast til i drøftinga av alle slags fridomar og rettar. Det er ingen ting gale med eit "men", viss det som følgjer etter er klokt og rett.

Ytringsfridomen er viktig, men har sine grenser. Det er ingen som hevdar at vi skal verna om retten til å truga og oppfordra til vald. Heller ikkje vernar ytringsfridomen alle slags sjikanøse påstandar om enkeltpersonar. Vi har framleis ei lovgjeving mot ærekrenking. Ein kan heller ikkje fritt publisera helseopplysningar om andre menneske, eller feilaktig informasjon som får negative følgjer for andre sin økonomiske aktivitet. Og det finst heilt sikkert fleire slike innskrenkingar av ytringsfridomen. Nettmobbing av mindreårige kan, og bør, bli stogga. Slike ytringar er ikkje vernevedige.

Ytringsfridomen bør gje vidt spelerom for religionskritikk, men her er ikkje religion i ei særstilling. Religiøse verdiar skal kunna utfordrast gjennom spiss kritikk og harsellas. Men då bør det same òg gjelda for oppfatningar om rase, likestilling, seksuell legning - og så bortetter. Så lenge det ikkje er snakk om trugsmål eller oppmoding til vald.

Ytringsfridom er viktig, men det er lov å synast at det er ein dårleg idé å publisera teikningar av Muhammed. At nokre aviser av prinsipielle grunnar ikkje ønskjer å publisera t.d. teikningar som sårar muslimar, har krav på respekt. Ytringsfridom er ikkje eit krav om konformitet.

Ytringsfridom er viktig, men det er klokt å stilla seg spørsmål om ein bikkar over grensa til mobbing. Menneske av god vilje bør spørja seg sjølv om dei er med på å byggja opp eit umenneskeleg press mot enkeltpersonar som kjem i media sitt søkjelys. Her tenkjer eg ikkje på saka om muhammed-teikningane, men det finst t.d. politikarar som har fått eit knallhardt mediepress mot seg. Også politikarar er menneske.

Ytringsfridom er viktig, og det er lov å såra andre menneske sine kjensler, det kan til og med vera rett å gjera det. Men det er i så fall ingen grunn til å bortforklara at andre blir såra, og slik overta eigarskapen til andre menneske sine kjensler. Det er blitt hevda at satirisk religionskritikk ikkje råkar trua og den truande, men det organiserte religionsvesenet som sit med makt over sinna. Tull og tøys. Sant nok, stemingar kan bli manipulerte og misbrukte av religiøse autoritetar. Men ein sint muslim på gata i Lahore veit meir om kva som sårar han, enn det ein norsk intellektuell gjer.

Ytringsfridom er viktig. Men utgangspunktet bør vera ein viss vørdnad, ei viss audmjuk haldning i møte med det andre menneske held heilagt. Visst kan vi enda opp med å kritisera det andre held høgt og dermed trakka dei på tærne. Om vi meiner det må til og er riktig. Men det bør ikkje vera den haldninga vi møter andre menneske si alvorlege tru med i utgangspunktet. Glasbutikkar er ikkje eigentleg skapte for elefantar.

Selbekk har rett
Når alt dette er sagt: Eg meiner desse "men" er viktige, men ingen av dei treng å stri mot det Selbekk har gjort og det han argumenterer for i Fryktens makt. Det store spørsmålet i karikaturstriden er om ytringsfridomen i vår del av verda skal krympast av frykt for vald og terrorisme. Først var det Salman Rushdie, så karikaturstriden, og no sist kom attentatet mot satire-magasinet Charlie Hebdo. Selbekk har heilt rett i sitt kompromisslause forsvar for den frie ytringa mot vald og terror. Og, ulikt dei fleste av oss andre, har han faktisk ofra temmeleg mykje for kampen sin. Det fortener respekt.

I tillegg har han levert frå seg ei bok som er både velskriven og aktuell. Til det siste bør vi vel leggja eit dessverre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar