torsdag 24. september 2015

Gudstenestebesøk og kyrkjeval

 
Kyrkjevalet er over. Stavanger var det einaste bispedømet som valde eit fleirtal som står for det tradisjonelle synet på ekteskapet. Stavanger er òg det bispedømet der folk går oftast til gudsteneste. Dei to bispedøma som følgjer hakk i hel med gudstenestebesøk, valde like mange homoliberale som homokonservative representantar til kyrkjemøtet. Dei åtte bispedøma som har dårlegast gudstenestebesøk, valde alle eit fleirtal av homoliberale.

Dette er kort fortalt det ein kan lesa ut av illustrasjonen ovanfor. Høgda på søylene viser kor mange gonger eit gjennomsnittleg kyrkjemedlem årleg går til gudsteneste i kvart bispedøme. Realiteten er at alle norske bispedøme har svært lågt gudstenestebesøk. Likevel er det klare skilnader bispedøma imellom. Dårlegast ut kjem Borg med 1.2, best er Stavanger med 2.1. Tala er frå 2013 og er henta frå Tilstandsrapport for Den norske kirke 2014, utgitt av Stiftelsen Kirkeforskning.  

Fargane på søylene viser haldningane til samkjønna ekteskap hjå dei representantane som vart valde no i september. Representantane som er valde i eigne val av presteskapet og dei andre kyrkjeleg tilsette, er haldne utanfor. Eg har berre sett på lekfolket sine representantar som vart valde i det opne kyrkjevalet, der alle medlemar av Den norske kyrkja kunne delta, og der altså 16.7 prosent møtte fram. Ut frå opplysningane i Vårt Land og på den offisielle heimesida til kyrkja, har bispedøma fått tre ulike fargar. Raude bispedøme har valt eit fleirtal som er for kyrkjeekteskap for homofile. Vala i dei oransje bispedøma gav like mange representantar på kvar av sidene. Det grøne bispedømet valde fleire motstandarar enn tilhengjarar av kyrkjeekteskap for homofile.

Valordningane rundt om i bispedøma varierer noko. Dei fleste bispedøma valde alle lekfolksrepresentantane sine til kyrkjemøtet gjennom det opne valet no i september. Men fire bispedøme peikar ut nokre av representantane gjennom dette valet og nokre gjennom val i sokneråda. Dei aller fleste bispedøma har hatt to vallister: ei frå Åpen folkekirke, der alle kandidatane støtta homoekteskap, og ei frå nominasjonskomiteen der det var ei blanding av tilhengjarar og motstandarar. Her kunne ein likevel påverka personvalet gjennom å kryssa av for (kumulera) nokre av kandidatane. Ekteskapssaka har vore det  heilt dominerande stridsspørsmålet i valkampen. Og trass i litt varierande valordningar og listetilbod er det grunn til å tru at dette spørsmålet har vore styrande for både val av liste og for kven veljarane har kryssa av på nominasjonskomiteen si liste.

Samanfall av faktorar - som "høgt" kyrkjebesøk og val av representantar som står for det tradisjonelle synet - treng ikkje tyda på ein årssakssamanheng. Men samanfallet er interessant.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar